I finveret møtte 11 karar opp til ny kamp i 7’er-fotballen.
Kampen vart på mange måtar ein reprise av forrige kamp som og enda med 3-1-tap. Suldal har mykje av spelet, men kjem ikkje til dei store målsjansane. Det føles som at dei to siste motstantarane er meir bestemte når dei nærmar seg mål.
I dag starta Brodd 3 med eit stormangrep mot Inge Lunde i Suldal sitt mål. Det tok ikkje mange minutta før ballen låg uttagbart i målnota. Her hang me ikkje heilt med.
Heldigvis roa motstanden seg, og me kom meir med i spelet. Litt mange, lange ballar var det ei stund, men utover i omgangen blei det meir spel. Dette gav utteljing i redusering då ballen etter eit innlegg hamna motstandaren sitt mål.
I pausen hadde me trua, men det måtte meir hardt arbeid til. Me hadde mykje av spelet i andre omgang, men mål og store sjansar vart det ikkje så mange av. Nærast var gjerne Thomas Brustveit på ein volley rett utanfor, og Audun Hilde kunne med litt flaks ha tuppa ballen i mål på ein dødball.
Det var likevel heimelaget som fekk det einaste målet i omgangen då dei kontra inn 3-1.
Me er med i kampane, det manglar berre det litle ekstra for å avgjere i vår favør!
I dag var det dessutan tre blad Madland Steine på banen. Sindre, Bjørn og Tore iførte seg alle Suldal sine vakre fargar i dag.
Fakta:
Mål:
Sigurd Slåtto
Lag:
Inge Lunde – Vidar Hilde, Sindre M. Steine, Vidar Ritland, Ørjan Underbakke, Audun Hilde, Thomas Brustveit, Bjørn M. Steine, Tore M. Steine