Instruksjonar frå trenaren i pausen

Den andre heimekampen for sesongen vart spelt på Erfjord stadion på Moane tysdag 10 mai. Etter mange baklengsmål i det siste fokuserte trenar Morten Jelsa før denne kampen på defensiv struktur og kontant forsvarsspel utan dilldall.

Grasmatta på Moane er rett nok grøn til å vere så tidleg på året, men å kalle den noko stovegolv vil vere ta hardt i. Forsiktige og avventande klareringar på humpete bane der ballen sprett i alle retningar, kosta oss mål i mot i forrige heimekamp på Jelsa. Denne gongen skulle det klarerast skikkeleg!  Det kan ellers nemnast at både grønfargen og dumpene i banen har har si heilt naturlege forklaring: Spor og skit viser at hjorten har det fredeleg og trives godt på Moane! 

Kampen starta med eit lite spelemessig overtak til Avaldsnes utan at det vart farleg framfor mål. Heile laget trødde skikkeleg til i duellane, og forsvaret rydda som avtalt kontant unna.  Utover i omgangen tok Suldal meir og meir over. Midtbanen jobba godt og vann stadig ballen i gunstige posisjonar. Særleg gjorde Johannes Wigestrand ein viktig jobb som ballvinnar. Han hadde den nødvendige roen med ballen slik at han får sett medspelararanei gang med gode pasningar.  Ballen går fort i lengderetninga, og me noterer avslutningar både av Vegard Natland, Gunnar Klungtveit Johannes Wigestrand og Ingvald Halgunset. Men presisjonen er for dårleg og dei fleste avslutningane går utanfor eller over. Mot slutten av omgangen skyt Steffen Øigjord i tverrliggaren. Det hadde ikkje vore ufortent om Suldal hadde leia til pause. 

I 2. omgang skal Suldal prøve å fortsette som i første, med aggressivitet i midtbaneleddet og kontant forsvarsspel. Med endå større presisjon i angrepsspelet hadde me tru på at målet skulle komme. Men slik skal det ikkje gå. Om Suldal var best i 1. omgang er det bortelaget som styrer det meste etter pause. Spelet vert mykje meir oppjaga og ballen havnar ofte hos motspelarar fordi me ikkje tek oss tid til å avlerere skikkelege pasningar. Det hjelper ikkje eingong at trenaren brøler “RO DÅKKE NER ” frå sidelinja! 

Keeper Patrick Weerstand gjorde ein god kamp og haldt buret reint

Gong på gong får Avaldsnes tid og rom til å spele seg gjennom til farlege sjansar, og bare gode redningar av keeper Patrick Weerstand og svake avslutningar hindar Avaldsnes i å ta leiinga. Mest kritisk er det då eit skot passerer ein utrusande keeper, men Pål Erik Jelsa klarer på spektakulært vis å feie ballen unna før den passerer mållinja. 

Sjølv om innsatsen er god også i denne omgangen så heng ikkje Suldal heil saman som eit lag. Det vert for mykje ein og ein som jobbar, og presisjonen i pasningsspelet er ikkje på same nivå som før pause. 

Kampen endar derfor 0-0 etter at laga har hatt kvar sin omgang. Det positive  får vere at me ikkje slepp inn mål og at me i store deler av kampen har god defensiv kontroll. Det kan vere godt å ta med seg fram mot neste kamp borte mot topplaget Djerv 1919 torsdag 19.

Referent: Øyvind Halgunset