Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
G13: Etne – Suldal 2-8 (0-4) | Suldal idrettslag
Dagen før dagen reiste Suldal sitt G13-lag til Etne for sin andre bortekamp. Sluttresultatet vart heile 2-8 til Suldal.

Gutane kan gå med hovudet høgt heva i 17. mai-toget i dag. Når a-laget ikkje leverar, er det godt me har andre lag som trør til med sigrar. Suldal var mange hakk betre enn Etne. Sigeren kunne vore mykje større. Oppmann (kvinne), Gro Fisketjøn, meldar om godt spel. Spelarane trør til i duellane og gir seg ikkje før ballen er i mål.

Fakta:

Mål:

0-1: Torjus Steine

0-2: Kristoffer Øigjord

0-3: Gjermund Sandvik Halgunset

0-4: Gjermund Sandvik Halgunset

1-4: Etne

1-5: Torjus Steine

1-6: Kjartan Nattland

1-7: Gøran Torin Våge

2-7: Etne

2-8: Kjartan Nattland