Storspel i ein omgang. Men at ein pause kan forandre så mykje…    Det vart som venta ein tøff kamp borte mot Djerv torsdag kveld

Suldal mangla fleire sentrale spelarar mellom anna på grunn av eksamen, men trenar Morten Jelsa hadde i 12. time skaffa gode vikarar i Dagfinn Nærheim og Christer Hansen. Djerv har over tid vist at dei hareit av dei beste laga i fylket  i denne aldersklassen. Dei har ikkje tapt i serien sidan 2009, og slo mellom anna Viking sitt G15-lag 5-1  i elitedivisjon i fjor haust. Håpet om poeng var derfor ikkje alt for store før avspark. Desto meir gledeleg var det at det var Suldal som tok tak i kampen frå første minutt. Spelarane trødde til, vann duellar og våga å spele fotball. Allereie etter 5 min hadde Suldal etter fint angrepsspel kome til 2 sjansar, men båd Ingvald Sandvik Halgunset og Lars Hebnes sette ballen over frå god posisjon. Men etter 7 min klarer ikkje Djerv å stå imot lenger: Vegard Natland mottek ballen rett utanfor 16-meteren og plasserer ballen kontrollert nede ved stolperota til 1-0.

 Etter scoringa fortset Suldal det gode spelet. Vegard er ved to høve svært nære å auka Suldal si leiing. Først ved ein lobb og deretter ved eit knallhardt skot i tverrliggaren. Utover i omgangen kjem Djerv noko meir med i spelet, men forsvaret og målvakt Patrick Weerstand rydder godt unna når Djerv kjem til avslutningar.

 Det står derfor 1-0 til Suldal etter ein flott omgang der heile laget jobba godt for kvarandre.

 I pausen vart det snakka om kor viktig det var å vere fokusert og aggressiv i starten av 2. omgang for å unngå å sleppe Djerv inn i kampen. 1. omgang viste tydeleg at Suldal på sitt beste kan spele jamt med alle laga i pulja.

 Men som i kampar tidlegare i sesongen:  Suldal er ikkje til å kjenne igjen i 2. omgang! Det går 45 sek før Djerv utliknar til 1-1 etter ubesluttsomt forsvarsspel. 2-1 kjem på liknande vis bare 2 min. seinare. 3-1 kjem på eit straffespark som såg noko billig ut frå sidelinja: Men replikken til  midtstoppar Pål Erik Landsnes etter kampen utelukka dette: «Eg traff  «an ganske godt!» Og då meinte han ikkje ballen…

Men gløden og agressiviteten frå 1. omgang er over alle haugar. Det er Djerv som vil mest, spring mest og vinn duellane. Suldal heng ikkje med, og for å oppsummere  ein lang omgang med få ord: Djerv styrer kampen og gir seg ikkje før det står 7-1.  Suldal prøver og prøver men finn ikkje tilbake til suksessoppskrifta frå 1. omgang.

 Men om sifra vart stygge til slutt tek me som vanleg med oss det positive: Supert spel og fortent leiing til pause mot det beste laget i pulja! Når Suldal klarar å halde trykket oppe i 2 omgangar vil den første sigeren koma. Me har tru på at det vil skje allereie tysdag 24 mai i bortekamp mot tabelljumbo Nord.

 Mål Suldal:  7 min: 0-1 Vegard Natland

Mål Djerv 1919: 41 min, 43 min, 49 min, 54 min, 59 min, 62 min , 65 min

 Lag: Patrick Weerstand, Stian Jelsa, Pål Erik Jelsa Landsnes, Dagfinn Nærheim, Christian Smithson, Ingvald Sandvik Halgunset, Johannes Wigestrand, Lars Hebnes, Hallvard Erfjord, Christer Hansen,  Vegard Natland,

Innbyttarar:, Terje Åsland Nevøy, Gunnar Klungtveit, Njål Håranes Eide