Mål og bestemannspris: Bjørn V.

Der vart det endeleg siger for 2’er-laget, og oppmann og lagleiar Vidar Hilde kan kanskje få arbeidsro nokre dagar til.

Suldal 2 tok imot tabellnabo Hudvåg 3 på Hundvåg sin stadion i fint spelevêr. Det var eit skikkeleg botnoppgjer i divisjonen, sidan ingen av laga så langt hadde tatt poeng. Og den første halvdelen av første omgang var det lett å sjå kvifor laga ikkje har sanka poeng så langt i sesongen. Det var svært så fint og pynteleg det som gjekk føre seg, det var omtrent like mykje kroppskontakt som i volleyball og golf. Suldal spelte fint, men det vart ikkje nok trøkk i det til at det blei sjansar og mål av det. Likeins var det med motstandarane, svært finsleg der og.

Når me så omsider sette litt fart og trøkk i spelet, så kom utteljinga. Hundvåg var framme og prøvde seg, men Sigurd Slåtto fekk tak i ballen. Han tok ut det han vann, spelte fint vegg med Sindre M. Steine og sette ballen sikkert i mål til noko så ukjent som leiing til Suldal!

Sigurd har tatt Suldal 2 med storm og er alt oppe i 4 mål.

Ikkje lenge etter, gjekk me opp til to-målsleiing då Bjørn Vidvei fyrte av frå avstand. Om det var innlegg eller skot så var meininga er uvisst, men ballen for som eit prosjektil i mål og Bjørn jubla uhemma som den suldølen han er. Han slengde ikkje akkurat skjorta og tok ein «fygar». Det var meir som då Ole Gunnar Solskjær skåra sitt første mål for Manchester United for dei som hugsar det.

Då me skulle gå ytterlegare frå og drepe kampen, slapp me sjølvsagt Hundvåg inn igjen. Dei fekk heada eit innlegg på keeper for dagen Jon Bråtveit. Jon fekk ikkje klarert og dei fekk ein fot på returen. Men til pause hadde me trua.

Men den trua fekk seg ein støkk i starten av andre omgang. Hundvåg sette inn eit valdsamt kjør, anført av ein spelar som heilt sikkert til vanleg spelar høgare i systemet til vanleg. Dei rulla opp fleire angrep og me mista struktruren. Dei fekk derfor ei utlikning då dei kom i overtal og spelte seg fram til ope mål.

 

To mål og målgivande på eit lite nu: Thomas.

Heldigvis roa dei seg, og me fekk tak i ballen igjen. Thomas Brustveit gjekk fram som spiss i andre omgang, og det resulterte i tre kjappe mål. Først skåra Thomas sjølv, så la han assist til Sigurd via begge stolpane slik at keeper vart heilt utspelt. Thomas avslutta showet sitt med å vinne ballen, drible eit par forsvararar, runde keeper og skyte i ope mål frå skrått hald.

Nå skulle ein tru at sigeren var sikra, men Hundvåg sette inn eit desperat forsøk på å komme inn i kampen igjen. Dei vann eit frispark like utanfor straffefeltet. Suldalskeeperen sette etter beste evne opp ein mur, og prøvde så å stille seg i keeperhjørnet. Sikta var likevel ikkje å skryte av, slik at målvakta låg i bortre hjørne eit mikrosekund etter at ballen hadde lurt seg inn. 5-3 var stillinga då, med 7-8 minutt igjen på uret.

Dersom Hundvåg hadde fått det neste målet, kunne det fort blitt hektisk mot slutten. Derfor var det godt då Sigurd fullførte hat-tricket sitt med å putte ballen i mål frå tre meter etter at Vidar Ritland vann ballen nede ved hjørneflagget.

Og så er det slik, at når det blir så mykje mål, så kan det gå rundt for ein stakkar referent/målvakt. I etterkant har det tikka inn ein SMS som seier at det slett ikkje var Sigurd Vidar R. sentra til på siste målet, men Thomas. Då må det ha vore Sigurd som skåra det første målet Thomas har fått æra for. Me satsar på det! 🙂

Det var godt å få ein siger for dette laget og, men på måndag ventar langt tøffare motstand når Buøy 3 tek imot oss på Humpen.

Fakta:

Mål:

1-0: Sigurd Slåtto

2-0: Bjørn Vidvei

2-1: Hundvåg 3

2-2: Hundvåg 3

3-2: Thomas Brustveit

4-2: Sigurd Slåtto

5-2: Thomas Brustveit

5-3 Hundvåg 3

6-3: Sigurd Slåtto

Gult kort:

Thomas Brustveit

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Bjørn Vidvei

2 poeng: Sigurd Slåtto

1 poeng: Ørjan Underbakke

Lag:

Jon Bråtveit – Vidar Ritland, Thomas Brustveit, Sigurd Slåtto, Ørjan Underbakke, Audun Hilde, Sindre M. Steine, Vidar Ritland, Bjørn Vidvei.