Denne onsdagen reiste G13-laget til Skjold for å spela mot tabellnaboen.

Det viste seg fort at Skjold var meir skjerpa ved kampstart enn kva tilfellet var med Suldal. Alle måla til Skjold vart scora i 1. omgong, og dei kom som perler på ei snor.Skjold var betre i alt i denne kampen. Dei sprang meir, spelte ballen meir og hadde fleire gode avslutningar på mål. For Suldal sin del vart det ein tøff kamp. Målet til Suldal kom i 2. omgong etter eit frispark av Torjus Steine.

Neste kamp er måndag kl 19:00 heima mot Sveio. Denne kampen vert spelt på Erfjord stadion. Laget håpar på god oppsluning frå supportarane til denne kampen!