Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
G13: Odda – Suldal 5-0 | Suldal idrettslag

Søndag tok Suldal sitt G13-lag turen til Odda. Dette var siste kamp før sommarferien.

Kampen enda med 5-0 siger til Odda. Gro Fisketjøn, som er oppmann (kvinne), melder om eit Odda-lag som var mykje betre enn Suldal. Odda var betre i alle ledd, og det kunne sjå ut som Suldal sine spelarar hadde tatt ein litt tidleg sommarferie.

Suldal ligg for tida på nest siste plass, men har færre spelte kampar enn fleire av laga som ligg føre på tabellen. Helge Gjerde, som er trenar, har gjort ein kjempegod innsats med gutane. Når ein tenkjer på at spelarane ikkje hadde felles treningar før sesongen, er det bra resultater dei har fått til no. Då er det berre å ønskja spelarar, oppmann (kvinne) og trenar god sommarferie.