Endeleg har me ein fast, stødig keeper på plass i byn: Inge var bestemann idag.

Så var haustsesongen i gang for 2’er-laget og. Etter ein fin avslutning med siger mot Orre 2 før ferien, var håpet at me skulle ta med oss det inn i andre del av sesongen og.

Det starta ganske greit. KFUM Stavanger har dessverre ikkje det beste speleunderlaget i byn, så ballbehandlinga var nok så som så hos dei gul/svarte, men etterkvart fekk me til nokre fine kombinasjonar. Rett nok var heimelaget og absolutt med på notene, det er tydeleg at KFUM er vane mad grus.

Spelet bølga fram og tilbake med småsjansar til begge lag. Defor var det kjekt at det var me som fekk hol på byllen først. Brørne Tore og Sindre M. Steine kombinerte fint på høgresida midtvegs i første omgang. Sindre la inntil Sigurd Slåtto som fekk stå åleine på fem meter. Sigurd kunne ha snudd seg og skote sjølv men valde å legje ut til Vidar Ritland som kom inn frå kanten. Vidar kunne så setje ballen sikkert i mål. Resten av omgangen rei me inn leiinga. Det skal seiast at det kunne vore minst uavgjort til pause. Heimelaget hadde ein kjempesjanse, identisk med den Thomas B. hadde i det første oppgjeret mellom desse laga i år: Ein av spelarane deira stod åleine på ein meter oggreidde å sleive ballen høgt opp i lufta. Dei hadde og eit skot like utanfor, og Inge Lunde i mål hadde nokre flotte redningar.

I andre omgang vart heimelaget brått sterkare. Den mest frykta spelaren deira hadde i første omgang stått i mål, I andre omgang vart han plassert der han er best, som spiss. Det er ein rørsleg kar, men rykk, skot og ballkontroll har han i massevis. Det viste han sist kamp, og det viste han og i dag. KFUM kom til fleire halvsjansar, mens me ikkje kom oss oppi motstandarane. Detmed gjekk det som det måtte gå, det kom mål imot. Først for at dei fekk gå for lenge med ballen på midten, så på ein hard korner.

Heldigvis viste me god vilje resten av kampen. Sindre og Sigurd fekk til det velkjende samspelet sitt framover på banen, og plutseleg var Sigurd i same situasjon som tidlegare i kampen; ballen i beina, ryggen mot mål og på fem meter avstand. Dette gongen snudde han på femøringen og spende ballen i mål. Uavgjort.

Denne stillinga haldt seg til det stod igjen 30 sekund. Då fekk heimelaget tak i ballen på kanten av midten. Dei beina ballen mot mål. Her traff ballen rumpa til ein av spelarane deira og så for ballen i sakte kino i mål. Utgjort!

Me var ikkje veldig nøgde med dette, og frustrasjonen gjekk nok og på at ein ikkje følte ein fekk til å spele på grusen. Då får me trø til når det blir kunstgras framover.

Fakta:

Mål:

0-1: Vidar Ritland

1-1, 2-1: KFUM Stavanger

2-2: Sigurd Slåtto

3-2: KFUM Stavanger

Kort:

Ingen

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Inge Lunde

2 poeng: Sigurd Slåtto

1 poeng: Sindre M. Steine

Lag:

Inge Lunde – Vidar Hilde, Terje Gjuvsland, Bjørn Vidvei, Ørjan Underbakke, Sigurd Slåtto, Sindre M. Steine, Audun Hilde, Tore M. Steine, Vidar Ritland