Suldal-il.no sin faste referent, Gro Fisketjøn, melder om ein kjempekamp av Suldal. Dette var første kamp etter sommarferien, og det er alltid kjekt å starta med seier.

Kjempekamp av gutane i kveld!!!!!! 3-6 borte mot Skjoldar/Vikebygd/Vats. I fyrste omgong var det jevnt, og fleire gode redningar på begge lag! Jevnt i andre omgong også, men Suldal knekte koden ved å spela meir på dei kjappe spissane våre.  Lange ballar i bakrommet (rein Drillo stil), og spissane sprang i frå forsvaret og sette ballen i mål!!!!

Heimalaget prøvde på det sama, og dei var nære på fleire gonger, men eit godt forsvar var våkne på løpa deira.

Suldal sine mål vart scora av: Daniel Johan Sola Gjerde (2 mål), Kjartan Natland (1 mål), Torjus Steine (3 mål)