I dag spela G13-laget den første kampen på den nye kunstgrasbanen i Prestavikjo. I bortekampen mot Ølen vart det uavgjort 4-4, og Suldal hadde difor  håp om eit godt resultat.

Suldal opna godt i første omgong, men etter 10 min scora Ølen. Då såg det ut som kampen var over for Suldal. Likevel skulle Suldal utlikna til 1-1. Torjus Steine var frampå etter ein retur av Ølen sin keeper, og satte ballen kontant i mål. Ølen var gode resten av omgongen, og scora 2 mål til, slik at Ølen leia 1-3 etter første omgong.

Andre omgong starta slik første omgong slutta. Ølen spelte ball, mens suldalsspelarane skulle prøva på eigahand. Suldal hadde nokre gode sjansar, men det var Ølen som scora. Ølen gjekk opp til 1-4 og 1-5, før Suldal reduserte til 2-5. Det siste målet til Suldal kom etter eit hardt innlegg av Torjus. Ballen trefte ein uheldig Ølen-spelar, og gjekk i mål.

Suldal friskna til på slutten av kampen, men kampen enda med 2-5 siger til Ølen.