Torsdag kveld spelte Suldal sitt 16-års lag heimekamp på ei fin men tung grasmatte på Eide. Laget måtte nøye seg med eitt poeng etter å ha sluppe inn mål i sluttsekunda i andre kamp på rad. Det var likevel mykje positivt å ta med seg frå denne kampen. Spelarane jobba og takla godt og hadde eit klart spelemessig overtak i andreomgangen.
Første halvdel av 1. omgang var jamnspelt. Suldal var nær ved å ta leiinga etter 4 minutt då eit frispark frå høgre vart forlenga i tverrliggaren. Like etter var Fitjar åleine gjennom, men keeper Lars Kristian Bakka redda sikkert.
Etter 19 minutt vart Hallvard Erfjord spelt flott gjennom. Han sette full fart mot mål. Like utanfor sekstenmeteren vart han felt bakfrå av Fitjar sin bakarste mann, som vart belønna med eit fortent direkte raudt kort! Minuttet etter plasserer Christian Smithson ein retur frå keeper i mål frå skrått hald. Og dette er ein god periode for Suldal. Lars Lavalette fossar fleire gonger fram på høgrekanten. Etter 22 minutt hamnar eit innlegg frå han i tverrliggaren. Returen plasserer Terje Nevøy sikkert i mål. 2-0 til heimelaget og spel 11 mot 10; jo dette ser lovande ut for Suldal!
Men i staden for å fortsetja i same gode sporet inviterer Suldal gjestene frå Stord inn i kampen: Fleire svake klareringar etter ein corner gjer at Fitjar kan redusere til 2-1. Kort tid etter sviktar forsvarsspelet igjen. Fitjar får ro til å spele ball innanfor heimelaget sin sekstenmeter, utan at suldalsspelararane kjem oppi, og kan altfor enkelt utlikne til 2-2. Kampen som Suldal midt i omgangen såg ut til å kontrollere nokså greitt, var plutseleg heilt open igjen. Suldal kunne likevel gå til pause med leiing etter at Terje Nevøy vart fint spelt gjennom. Åleine med keeper gjorde han ingen feil.
Andre omgang kan oppsummerast slik: Suldal hadde kontroll på kampen, produserte sjanse på sjanse. Ballen gjekk i tverrliggar, rett på keeper eller like utanfor. Fitjarspelarane virka trøtte og hadde ikkje ein einaste sjanse.Ikkje før i siste speleminutt. Då kasta dei fram 5-6 spelarar i eit siste desperat forsøk på å få poeng. Suldal vart tatt på senga og utlikninga var eit faktum. Surt. Men me noterer god innsats, sugande taklingar og periodevis godt spel på plussida etter denne kampen. Så satsar me på at større effektivitet i neste kamp borte mot Solid på Stord 15 september.
Mål:
19 min. 1-0 Christian Smithson
22 min 2-0 Terje Åsland Nevøy
28 min 2-1 Fitjar
33 min 2-2 Fitjar
30 min 3-2 Terje Åsland Nevøy
80 min 3-3 Fitjar
Kort: Suldal Gult: Håkon Førre Vanvik
Fitjar 1 gult og 1 rødt
Lag: Lars Kristian Bakka, Lars Lavalette, Pål Erik Landsnes, Stian Jelsa, Karl Georg Erfjord, Ingvald Sandvik Halgunset, Johannes Wigestrand, Christian Smithson, Hallvard Erfjord, Terje Åsland Nevøy, Håkon Førre Vanvik
Innbyttarar:, Njål Håranes Eide, Gunnar Klungtveit