Det vart eit nytt knepent bortetap for Suldal i torsdagens kamp på Stord. Synd, men me får dessverre som fortent. God innsats må ligge i botn gjennom heile kampen skal det bli poeng. Slik var det dessverre ikkje denne gongen.
Solid held til i Sagvåg sør på Stord. Nysæter kunstgras var ein ny stadion for oss. Ikkje ein gong trenar Morten hadde forvilla seg innom der på sine mange turar med diverse fotballag! Det vart lite tid til å studere grasmatta før kamp, for oppmann/turplanleggar hadde sett feil på ferjerutene slik at me ankom banen 10 min før kampstart.
Kort oppvarming til tross: Suldal kom godt i gang og viste fint pasningsspel. Spelarane holdt ballen i laget og spelte seg fram til eit par brukbare sjansar. Også Solid var frampå og i løpet av det første kvarteret måtte keeper Lars Kristian Bakka, som stod ein god kamp i dag, trø til med redningar.
Men etter 16 minutt glepp det i forsvaret til Suldal. Ein Solid-spelar vert spelt heilt gjennom, og åleine med keeper skorar han sikkert. Suldal fortset spelet og kjem til fleire sjansar, men marginane er ikkje med oss. I staden er det Solid som kontrar, ein spelar kjem fri på høgresida, og inne i feltet står Solidspelarar i kø for å skore medan passive Suldalsforsvararar ikkje klarer å klarere. 2-0. Det føles urettferdig, men som i tidlegare kampar er det manglande trøkk framfor begge måla som vert utslagsgivande. Spelet vert til tider for pinglete og det er for lite kraft i duellane.
Men bare 2 min etter Solid si skoring er det endeleg Suldal sin tur: Lars Lavalette kjem seg laus på høgresida og legg inn til Christian Smithson. Frå 18 meter sender han ballen i ein fin boge over keeper som står litt langt ute. 2-1. God prestasjon av begge. Fram mot pause er Suldal fleire gonger farleg frampå, men det vert for ubeluttsomt i avgjerande situasjonar. I pausen er alle einige om at denne kampen kan vinnast. Alle er og einige om at skal det skje, må det trøs til skikkeleg i kvar duell.
Det er derfor skuffande at orda ikkje viser seg i handling. Omgangen er jamnspelt, men Suldalsgutane klarer ikkje ta fram det litle ekstra som må til for å vinne kampar. Med nokre unntak verkar spelarane rett og slett litt likegyldige til om det vert seier eller tap. Solid spelar klokt og held ballen i laget medan Suldal er for slappe i presset. Det vert for mykje jogging 1 meter bak motspelarane i staden for å presse og vere først på ballen. Ein frustrert trenar snakkar i store bokstavar for å fortelje spelarane kva han meiner om dette. Og der orda tek slutt får vassflasker og andre passande objekt gjennomgå for å understreke beskjedane.
Det er dessverre ikkje ufortent at Solid midtvegs i omgangen går opp til 3-1 på eit frispark frå 18 meter, på ein av sine få visittar framfor Suldal sitt mål. Kaptein Ingvald Halgunset prøver å få med seg medspelarane på ein sluttspurt. Og knappe 10 minutt før slutt klarer Lars Lavalette å krangle ballen i mål til 3-2-redusering frå kort hald. Men i staden for å sjå eit kjempande Suldalslag der alle går i krigen dei siste minutta for å få med poeng, ebbar bare kampen ut med eittmålssiger til vertane.
På eit heller grått bortelag var det kapteinen, keeper og dei 2 målskorarane, saman med forsvarssjef Johannes
Wigestrand som viste best igjen. Stemninga i garderoben etter kampslutt var naturleg nok laber. Og då trenaren forkynte at den sedvanlege snopepausen på Knapphus på heimturen utgjekk pga slapp innsats var det kun spede forsøk på protestar.… Så gjenstår det å sjå om laget maktar å reise seg igjen etter ei veke spelefri når Stord-lag nummer to, Trott, står for tur om to veker.
Mål:
16 min. 1-0 Solid
25 min 2-0 Solid
27 min 2-1 Christian Smithson
63 min 3-1 Solid
82 min 3-2 Lars Lavalette
Lag: Lars Christian Bakka, Njål Håranes Eide , Gunnar Klungtveit, Johannes Wigestrand, Karl Georg Erfjord, Ingvald Sandvik Halgunset, Håkon Førre Vanvik, Christian Smithson, Lars Lavalette, Hallvard Erfjord, Terje Åsland Nevøy
Innbyttar: Stian Jelsa
Thanks for all your efforts which you have put in this. really fascinating information . 758009
Hiya. Extremely cool website!! Man .. Beautiful .. Fantastic .. I will bookmark your web website and take the feeds additionally
I had been wanting to know if you ever considered switching the page layout of your web site? It is well written; I love what you have got to say. But maybe you could add a a bit more in the way of written content so people could connect to it better. Youve got an awful lot of wording for only having one or two pictures. Maybe you could space it out better?