Bestemann og målskårar: Ørjan

Det vart ein tett batalje på Revheim mellom to jamngode lag i eit øsande regnver.

Kampen vart spelt på ein svært så liten bane, slik at det vart ein del klabb og babb og lite tid til å få ro på ballen. Det var om å gjere å kjempe ballen framover mot motstandaren sitt mål.

Dette var det Suldal som var best på frå starten. Alt etter to minutt stanga Thomas Brustveit eit flott innlegg frå Ørjan Underbakke i nettmaskene. Rett etter skar Sigurd Slåtto inn og skaut ballen bak motstandaren sin keeper, og me leia plutseleg med to mål før fem minutt var spelt. Dette var uvant kost for suldølen!

Madla kom etter kvart meir med i spelet, og fekk kjempa seg til eit overtak. Me slutta å jobbe på kvar ball, og dermed kom dei stadig nærare målet vårt der Sindre M. Steine hadde hanskane på seg i dag. Før det vart pause hadde dei skote to mål nede ved stolperota.

I andre omgang gjentok eigentleg første omgang seg. Me starta best og gjekk opp i leiinga. Sigurd vart felt innanfor straffefeltet, og Ørjan sette straffen sikkert i mål. Utover omgangen kom Madla meir med, og dei utlikna på eit innlegg som gjekk i stolpen og trilla langs, og til slutt over streken.

Kampen ebba ut med 3-3. Alt i alt eit greit resultat ut frå spel og sjansar. Begge lag hadde sine periodar av kampen, men me burde greie å halde konsentrasjonen gjennom heile kampen og dra i land tre poeng i slike kampar.

Fakta:

Mål:

2 min: 1-0: Thomas Brustveit

4 min: 2-0: Sigurd Slåtto

2-1 og 2-2: Madla 3

36 min: 3-2: Ørjan Underbakke

3-3: Madla 3

Gult kort:

Madla 3

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Ørjan Underbakke

2 poeng: Sigurd Slåtto

1 poeng: Tore M. Steine

Lag:

Sindre M. Steine – Vidar Hilde, Terje Gjuvsland, Bjørn Vidvei, Ørjan Underbakke, Sigurd Slåtto, Thomas Brustveit, Audun Hilde, Vidar Ritland, Tore M. Steine