Torsdag 19. mars var kunstgrasbanen i Ølen arena for den første treningskampen i år.
Fleire nye spelarar skulle vise seg fram, og den nye trenaren var spent på kor laget står ein månad før seriestart. Også i fjor var det treningskamp mellom Ølen og Suldal, og då var det heimelaget som stakk av med sigeren. I år vart det omvendt, etter ein kamp der laga styrte kvar sine deler av kampen. Det vart mange tette duellar, godt med temperament og fleire sjansar i begge endar.
Det vart kommentert frå sidelina at Suldal såg ut til å stille eit mykje yngre lag i år enn i fjor. Det kan nok stemme. I løpet av kampen var det heile seks spelarar som spelte sin første a-lagskamp for Suldal. Tre av dei spelte til og med sin første kamp på seniornivå nokon sinne. I mål stilte son til far, Ingve Berge. 10.-klassingen kom svært godt frå debuten. Han var uredd, aktiv i feltet på gjennomspel og viste fram fleire gode reaksjonsredningar. I tillegg viste han fram eit presist, godt utspark. Ein flott debut! Klassekompisen Øystein Nærheim kom inn i andre omgang og tok fatt i kampen frå første sekund. Øystein viste med ein gong at i denne kroppen bur det eit stort talent! Teknikk, fart, skot, aggresivitet og kondisjon var svært bra. Dessverre kom ein kar frå Ølen uforvarande til å trø på handa hans med knottesko, og det er ikkje godt. Sjå fram til å følgje denne karen i Vikjo når serien startar!
Torstein Erfjord var ikkje berre debutant, dette var og første kamp på stor bane, og den kom han godt ifrå. Stor innsats og godt samspel med Sigvart Vårvik på høgre sida lovar godt for framtida. Sigvart debuterte og for Suldal sitt a-lag. Saman med Ådne Nærheim spelte han for a-laget til Sauda i fjor og var med på å ta dei opp frå 6. til 5. divisjon. Begge desse viste gode takter, og me gler oss til å sjå meir av dei. Slektsnamna skulle vel ikkje lemne nokon tvil om at dei har slete ut fotballsko i mindre storleikar i Vikjo tidlegare. Etternamnet til den siste debutanten derimot, finn me nok ikkje i bygdaboka Gamle Suldal. Rune Ørjasæter er ny mann i klubben, men har tidlegare spelt på bra nivå i sine heimtrakter lenger nord på Vestlandet. Tøffe taklingar og vilje til å vere med framover frå backposisjonen sin er slikt me likar!
Det var dei nye. Ein halvny var og med. Suldal har gjort eit skoop på spelarmarknaden i vinter og fått tilbake Tore Sørås frå Vaulen. Det er ingen tvil om at han kjem til å tilføre laget mange kvalitetar. Tore er ny kaptein, og det viste han i denne kampen med knallhard jobbing, og gode leiareigenskapar. Dagens takling var det og han som stod for. Han tok rennefart på omtrent tjue meter og traff ballen klokkereint med stor kraft. Trur ikkje spelaren som mista ballen veit heilt kva som traff han!
Resten av spelarane som spelte har vore med tidlegare, og alle viste teikn på framgang og vilje til å kjempe om plass på laget. Me er så heldige i år at me har ein stor stall, minst dobbel dekning på alle plassar. Det gjer at det har vore bra trøkk på samlingar og i denne kampen, og me håpar me dreg nytte av denne kjempinga i sesongen som nærmar seg.
Me var einige om å kjøre eit høgt press frå start, og gå for den første skåringa. Same taktikken hadde Ølen, og dermed vart det høgt tempo og harde duellar. Men det var Suldal som fekk det første målen. Det kom, som så ofte før, etter dødball. Tore slo eit godt legg, og veteranen Tor Arne Sigstad sette sjølvsagt hovudet sitt på den i det 14. minutt. Og dermed var han i gong i år og! Suldal hadde mange gode sjansar, men fekk den ikkje i mål. Neste mål var det Ølen som stod for. Dei hadde og sine sjansar, men Ingve hadde avverga dei så langt. Men etter eit balltap kom Ølen gjennom åleine, og det var lite Ingve kunne gjere med det. 1-1.
Rett etter utlikninga fekk Suldal ein ny dødball. Også denne gongen var Tor Arne der med hovudet, ballen traff ein motspelar og var på veg mot mål, men for å vere sikker dundra Renè Adjemi ballen i nettet. Dermed stod det 2-1 til Suldal til pause. På førehand var det bestemt at me skulle gjere mange byte. Dette fører ofte til at ein del av flyten forsvinn, og ein må byrje på ny. Det er heilt greit i ein treningskamp, men kanskje ikkje så lurt når poeng skal kjempast om. Andre omgang vart noko meir rotete frå begge lag, men dagens flottaste angrep kom likevel nå. Øystein jobba hardt tilbake, vann ballen, førte fram langs sida og spelte inn mot midten til Ådne. Han spelte så Vegard Aas kjapt gjennom, og pang, så låg ballen i nettet. Raskt, presist og effektivt. Vegard viste elles at farten og krafta hans kjem til å gi mang ein midtstoppar problem.
Reduseringa til Ølen kom etter at Renè utan heilt å tenkje seg om drog ned ein spelar på veg ut av straffefeltet. Det var ingenting å seie på straffa, og det siste målet i kampen var ein sikkert plassert straffe.
Sjølv om dette var ein treningskamp, så var det likevel kjekt å vinne. Det kjekkaste å ta med seg vidare var at me nå har så mange spelarar som utan problem kan komme inn og gjere ein solid jobb. Ein del av det taktiske sat og, men det er framleis ein del å jobbe med i dei neste treningskampane.
Fakta:
0-1 Tor Arne Sigstad
1-2 Renè Adjemi
1-3 Vegard Aas
Spelarar:
Ingve Berge – Sigvart Vårvik – Tor Arne Sigstad – Tor Olav Berge – Robert Sjøholt – Torstein Erfjord – Tore Sørås – Rune Andre Laugaland – Rune Lovra – Vegard Aas – Renè Adjemi – Nils Arne Moe – Rune Ørjasæter – Espen Overskeid – Øystein Nærheim – Ådne Nærheim.