Sigurd herjar på 2'er-laget. Fire mål i dag!

Endelig ein ny seier for Suldal 2. Vidar Hilde fortel:

I frisk nordsjøbris på Jæren sleit Suldal seg til nok ein siger. Det kan være ganske gufsent på Jæren i desse tider, det var det jammen idag og. Heldigvis var ikkje turen og slitet forgjeves.

Suldal starta kampen bra med eit tidleg mål av den beste spelaren i år, Sigurd Slåtto. Det skulle ikkje bli det einaste.

Det var vanskeleg å berekna kor ballen skulle lande i blesten, og suldalsspelarane såg ut som dei trivs best mellom høge fjell ei stund. Orre fekk ei utlikning på ein overgang før Suldal og Sigurd putta to til før pause. Me var nøgde med det.

Andre omgang starta med mykje vas og feilpasningar, Orre takka og bukka mens dei sendte to kjappe i kassen bak Sindre M. Steine, som var målvakt for dagen. Han har vist seg som ein ganske stødig keeper iløpet av nokre kampar.

Med god arbeidsmoral og kampånd frå alle mann, kjempa me oss tilbake til ei 4-3-leiing med Sigurd Snurremann i spissen, for ei målmaskin!

På ei god kontring frå Suldal flikka Vidar Ritland ballen på meisterleg vis vidare til Bjørn Vidvei som fyrte av og traff kassa til Orre, dagens mål!

Det mørkna fort og Suldal haldt leiinga ut kampen. God blanding av lagarbeid og gode enkeltprestasjonar idag, kjekt å sjå.

Fakta:

Mål:

1-0: Sigurd Slåtto

1-1: Orre
2-1: Sigurd Slåtto
3-1: Sigurd Slåtto
3-2: Orre
3-3: Orre
4-3: Sigurd Slåtto
5-3: Bjørn Vidvei

Nordsjøblesten gir poeng (Vinjar Låjen likar seg ikkje på flataste Jæren):
3 poeng: Sigurd Slåtto
2 poeng: Bjørn Vidvei
1 poeng: Vidar Ritland

Lag:

Sindre M. Steine – Terje Gjuvsland, Tore M. Steine, Bjørn Vidvei, Audun Hilde, Vidar Ritland, Sigurd Slåtto, Ørjan Underbakke

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *