Seks poeng til Suldal og tre poeng på børsen til jeborstagsbådne Terje.

Dei to siste kampane til Suldal 2 var mot Tjensvoll 2. Desse vart spela same dag, som dobbelkamp. Resultata vart:

  • Suldal 2 – Tjensvoll 2: 5-0
  • Tjensvoll 2 – Suldal 2: 1-2

Thomas Brustveit er referent for dagen:

Ja, då var det duka for dei to siste kampane for Suldal 2 for denne gong. For dagen var me 11 suldølar som møtte opp med friskt mot på Lassa som avtalt, men fant fort ut at det var noko som ikkje stemte i og med at ingen andre kom. Enkle 6 poeng tenkte me, men den gang ei. Etter litt ringing her og der så fann me ut at me var blitt sendt til feil bane:) Heldigvis var ikkje kjøreturen bort til Sørmarka arena så lang, så det gjekk helste i likaste laget denna gongen og.

Sidan mørket kjem fort nå og dette var ein dobbelkamp, så blei det beslutta i lag med Tjensvoll 2 at me skulle spela 2X30min slik at ikkje lysa skulle forsvinne for oss midt inn i kampen. Men det passa oss fint.

Kampplanen til Suldal var klar. Sidan me var 4 stk på sidelinja heile tida, så skulle me prøva og bytta mest mogleg slik at me heile tida hadde friske bein ute på banen, og at me skulle prøva og få til ett bra spel og ikkje bare slå langt. Dette fungerte veldig bra gjennom begge omgangane som og ga resultat.

I første omgang var det ikkje tvil. Suldal kjørte øve Tjensvoll. Det var nesten på håret at me måtte finna varmejakken til Inge Lunde i mål slik at han ikkje blei sjuk. Spelet fungerte fint og resulterte i at den alltid målfarlige Sigurd Slåtto skåra 3 mål, Bjørn M. Steine 1 og Vidar «Brattbakk» Ritland 1. Hadde me fått til ett slik spill oftare i år så trur eg poenga hadde ronne inn.

I andre omgang bytta Tjensvoll 2 ut heile laget sitt, og det merka me. Men Suldal klarte og halda seg rolege, og det endte opp i at me tok leiinga med Ørjan Underbakke, 1-0 til Suldal. Men så midt i omgangen vart det litt klabb og babb rundt Suldal sitt mål, og Tjensvoll 2 fekk utlikninga si, 1-1.

I resten av omgangen så var det press i begge endar av banen, men der hadde me noko som ikkje motstandarane våre hadde, og det var venstresleggjo til Bjørn Vidvei, 2-1 til Suldal.

Etter kanonskåringa te Bjørn så seig tio ut, og Suldal vann også denne omgangen.
Dette var ein fin avslutning på sesongen med 9 av 9 poeng i innspurten. Vel blåst karar:)

Fakta kamp 1:

Mål:
3 mål: Sigurd Slåtto
1 mål: Bjørn M. Steine
1  mål: Vidar Ritland

Vinjar Låjen sine poeng:
3 poeng: Sigurd Slåtto
2 poeng: Ørjan Underbakke
1 poeng: Thomas Brustveit

Lag:
Inge Lunde – Thomas Brustveit, Terje Gjuvsland – Bjørn Vidvei, Sigurd Slåtto, Bjørn M. Steine – Ørjan Underbakke
Innbyttarar: Tore M. Steine, Audun Hilde, Sindre M. Steine, Vidar Ritland

Fakta kamp 2:

Mål:
1-0: Ørjan Underbakke
2-1: Bjørn Vidvei

Vinjar Låjen sine poeng:
3 poeng: Jubilanten Terje Gjuvsland
2 poeng: Inge Lunde
1 poeng: Bjørn Vidvei

Lag:
Inge Lunde – Thomas Brustveit, Terje Gjuvsland – Bjørn Vidvei, Sigurd Slåtto, Bjørn M. Steine – Ørjan Underbakke
Innbyttarar: Tore M. Steine, Audun Hilde, Sindre M. Steine, Vidar Ritland