Beste spelar 2011: Nils Arne Moe

Nils Arne Moe vart i år kåra til beste spelar på Suldal 1. Vinjar Låjen har hatt eit godt auge til slitaren frå Førland i år.

Gjennom sesong etter sesong, og kamp etter kamp, er det mange meter som er lagt ned opp og ned langs krittlinjene rundt om i Rogaland. Nils Arne er alltid på løp, enten for å takle motstandarar, eller for å gå på overlapp og vere spelbar.

I ein sesong utan dei store stjernene i laget, er det kjekt og vel fortent at prisen går til ein av slitarane og grovarbeidarane. Nils Arne er ein du vil ha med deg i krigen, ein som brettar opp ermane og går føre som eit godt eksempel når det buttar imot. Desse røynslene gjorde at underteikna utnemnde han som visekaptein før sesongen. Sidan kaptein Rune Andre Laugaland bomma totalt med jobbsyklusen sin denne sesongen, så er det Nils Arne som har vore kaptein i absolutt flest kampar. Dette er ei rolle han har skytta vel.

Me kjenner Nils Arne på banen absolutt best som høgreback, men han har og nokre kampar som venstreback og på kant. I år har han og spelt ein kamp som anker på midten, borte mot topplaget Falkeid, og då var han strålande! Tydeleg at han har sett mykje på Manchester United og Roy Keane opp gjennom åra.

I tillegg til å ha ein god sesong på banen i kamp, er Nils Arne og viktig på andre måtar. Han er rutinert og eit trygt punkt i spelartroppen, ein som ber kontinuiteten vidare. I tillegg har han i alle år vore viktig på trening til å få opp tempoet og halde trykket. Ein stadig vaksande familie og mykje jobb gjer at det ikkje lenger er kvar trening han er på, men til kamp er han stødig og gir tidleg beskjed om noko kjem i vegen. Det er viktig å ha slike i laget, og det håpar me at me har neste år og.

Nils Arne fekk 16 poeng av Vinjar Låjen i år. Hakk i hæl kom toppskårar Jone Utbjoa med 15 poeng, og på tredje plass enda fotball-pensjonisten Tor Arne Sigstad. Me gratulerer alle med ein god sesong, og eit ekstra hipp-hurra til Nils Arne Moe!