Leiar i fotballgruppa Dagfinn N. Havrevoll gratulerer Ingvald som Beste unge spelar 2011.

I sin første sesong for Suldal sitt a-lag, viste Ingvald S. Halgunset såpass igjen at han vart kåra til Beste unge spelar 2011.

Overrekkinga gjekk høgtidleg føre seg i garderoben før siste kampen. Då var det to som fekk blomar: Ingvald som nett har starta karriera si, og Tor Arne Sigstad som avslutta ho.

Før sesongoppkøyringa til sesongen 2011 tok me kontakt med Morten Jelsa, trenaren til G15-laget i kommunen, for å høyre om han hadde nokre i stallen sin som kunne tenkje seg å vere med og trene på seniornivå.

Morten hadde fleire namn, deriblandt Ingvald. Tilbakemeldingane frå treningane var gode, at dette var ein spennande spelar med god teknikk og godt blikk. Ein lovande midtbanespelar.

På fellessamlingar før sesongen starta, viste erfjordbuen stabilt, godt nivå, slik at han fekk debuten sin alt i første kampen i vår mot Vedavåg/Karmøy 2. Dette var nok ein av dei tidlegaset debutane me har hatt, sidan Ingvald berre var 14 år gammal då han kom inn. I sin andre kamp spelte han frå start.

Utover sesogen har det berre blitt meir og meir speletid, og i haust har han stort sett spelt heile kampane sentralt på midtbanen. Her jobbar og slit han mot spelarar som både er dobbelt så gamle og dobbelt så tunge. Likevel er han ein god ballvinnar og er alltid på jakt etter den gode pasningen. Det har vore nære på at han og har fått mål på nokre langskot, så me har tru på at det kan bli ein målfarleg playmaker av Ingvald.

Me får behalde han hos oss fram til sommaren. Etter det går det nok mot overgang til eit by-lag. Han har alt vore med i ungdomsavdelinga til SIF og spelt kampar og turneringar.

Me gler oss uansett til ein halv sesong til med Ingvald, og gratulerer med tittelen Beste unge spelar 2011!