Beste spelar Suldal 2 i 2011: Sigurd.

Utover sesongen var det aldri nokon tvil om kven som skulle bli mest populær hos byasen Vinjar Låjen: Sigurd Slåtto herja på 2’er-laget.

Sigurd meldte si teneste hos Suldal rett før sesongen skulle ta til i år. Sidan han tidlegare har spelt kampar for Trott, måtte me dermed vente til tredje kampen før overgangen var i orden. Etter det har halvøybuen stilt til kvar kamp, og fått poeng i 12 av 16 kampar for Suldal 2.

Slikt storspel førte til at tilbod om spel på 1’er-laget var på sin plass. Dette var han i vår smålunken til, «for mykje reising», men i haust har me fått lokka han med, og han har i haust henta seg poeng på førstelaget og.

Men denne prisen gjeld 2’er-laget. Styrke, piruettar og målteft har gjort Sigurd til ein slager på 7’er-banane rundt om i byn. Han viser ein enorm innsats, og etter som kondisen berre vart betre og betre, så avslutt han sesongen med å vere vår beste eller nestbeste i dei fleste kampane. Til slutt stod han med 28 poeng på børsen, over dobbelt så mange somdei neste på lista, Inge Lunde og Ørjan Underbakke som stoppa på 12 poeng.

Sigurd er alltid positiv og viser stor speleiver både på og utanfor banene, og har vore eit friskt pust på alle måtar. At det og vart mange mål, skadar ikkje…

Prisen vart overrekt i lystig lag på Vikane Hyttetun. Gratulerer med prisen som beste spelar på Suldal 2, Sigurd!