Toppskårar for Suldal 2 - 2011: Sigurd

Fotballen er nå ofte slik, at dei som skårar mykje mål og viser igjen på børsstatistikken.

Med 21 mål på 16 kampar er det nesten sjålvsagt at ein både blir beste spelar og toppskårar. Sigurd Slåtto vart suveren toppskårar, 13 mål føre trioen på delt andre plass: Sindre M. Steine, Vidar Ritland og Øjan Underbakke.

Sigurd skåra i ti av kampane sine på 2’er-laget, det vart tre hat-trick pluss ein kamp der han putta fire mål.

Nokre av måla kom fordi Sigurd var på rett plass til rett tid, men det var og nokre perler som kom der han gjorde det meste sjølv. Spesialiteten må vel vere når han tek imot ballen med ryggen mot mål, snur på ein 50-øring og dundrar ballen i mål.

Det ser ikkje ut til at Sigurd tenkjer før han avsluttar – han berre gjer det, og det er slikt det blir mykje nettsus av. Ein slik målkåtskap er det ikkje så ofte me har i Suldal, og dette håpar me å dra nytte av framover. Og til alle dykk andre: Sjå og lær!

Gratulerer med tittelen Toppskårar på Suldal 2 – 2011!