Flest kampar for Suldal 1 og 2 i år: Ørjan

Det er svært kjekt å ha med spelarar som alltid kan stille. Utan dei, ville det vore vanskeleg å halde liv i fotballag.

Me har heldigvis mange som er positive og stiller opp på alt så sant det ikkje kjem jobb og familie i vegen. Ein skal vere interessert, men og heldig/dyktig for å forhindre skader, samt unngå for mange kort frå dommaren for å få til dette.

Alle kampane på Suldal 1: Tor Arne

Alle kampane for Suldal 1: Jone

Ein av dei er alt heidra: Tor Arne Sigstad. Med oppmøte på kvar einaste kamp for Suldal 1 dei siste tre åra (minst), så seier det seg sjølv at han i år og toppar lista for flest kampar på Suldal 1. Der får han selskap av toppskåraren Jone Utbjoa. Flott innsats, gutar!

 

Alle kampane på Suldal 2: Sindre

På Suldal 2 var det ein mann som fekk med seg samtlege 18 kampar: Sindre M.Steine. Sindre møtte sporty opp på alt, og tok utfordringa med å vere både keeper, forsvarar, midtbanespelar og spiss. Sindre kjempa lenge med Sigurd Slåtto både om å bli beste spelar og toppskårar, men halvøybuen vart det etter kvart umogleg å styre. Prisen for flest kampar set me likevel høgt. SIndre fekk og med seg fem kampar på Suldal 1 utover hausten. Gratulerer med god innsats!

Den som står igjen med flest kampar i sesongen 2011 er likevel Ørjan Undrebakke. Han spelte alle bortsett frå ein både på Suldal 1 og Suldal 2, og stilte dermed opp på 34 av 36 kampar i år. Det er strålande innsats og viser god haldning – er ein med så er ein med! Ørjan har spelt sentralt på midtbanen på begge laga og har spesielt utover hausten spelt seg i god form. Sesongen avslutta han strålande med å ta ut stjerna til Ølen i siste 1’er-kamp, samt fem poeng og fire mål på dei tre siste 2’er-kampane. Det er blitt mange mil i år, takk for det og gratulerer med god innsats!