Treningskampen i Sauda i kveld enda med 6-2 siger til Sauda, vert det meldt frå Indre Ryfylke.
Kampar midt i vekene er sjeldan gunstig for Suldal, men når Sauda inviterer så stiller me gjerne opp til dyst. Kamptrening på full bane mot god motstand er meir motiverande nå når serien stadig kjem nærara, enn ei vanleg trening i Suldalshallen. Dermed reiste dei som til vanleg trenar i Suldal til Sauda. Eit par av dei rutinerte kjenner at kroppen seier litt ifrå om at den blir eldre, så me tok ingen sjansar på å sleppe til dei som ikkje var heilt skadefrie. Me har trass alt ei tøff helg føre oss og med tre treningskampar.
Sist kamp hadde me seks debutantar utpå. I dag vart det fire til, trur eg? Fredrik Deilkås, Christer Hansen, Dagfinn Nærheim og Sindre Lorentzen fekk alle prøve seg på seniornivå i denne kampen. Ser me vekk frå dei fire rutinerte som starta i forsvarsfiraren i tillegg til Arne Mehus og Espen Overskeid på midten, så har dei 10 andre kanskje 7-8 kampar tilsaman før denne! Debutantane denne kampen går til vanleg på ungdomsskulane (siste sesongen me kan omtale ungdomsskule i fleirtal i kommunen?) i Suldal. Fredrik går på Sand, Sindre på Jelsa og Dagfinn og Christer på Vinjar. Rapportane seier at desse kom godt ifrå møtet med vaksne Sauda-buar.
Rapportane seier og at vel fortente nok Sauda å vinne, men så suverene som resultatet seier var dei ikkje. Første del av kampen var faktisk Suldal på høgde og vel så det spelemessig. Spelarane hadde ro til å halde på ballen, hadde offensive backar og viste bra spel. Suldal hadde fire sjansar som dei skulle ha sett om til mål i denne perioden. Dessverre var Sauda effektive og gjekk opp til 3-0 leiing, mykje på grunn av slurv og ukonsentrerte augneblink. Me har ikkje råd til å miste konsentrasjonen og aggresiviteten i presset. Får motstandarane fred til å få kontroll over og føre ballen, så er me på etterskot. Då får me fort mål i mot.
Suldal fekk eit mål i kvar omgang. 3-1 kom etter at Øystein Nærheim i bra driv vart felt rett utanfor straffefeltet. Frisparket sette Ådne Nærheim i mål. Som mot Ølen, vart det mindre spel i andre omgang enn i første. Det vart mykje stillingskrig etter pause der Sauda trakk det lengste strået her og. Som i første omgang skåra Sauda tre mål før Suldal fekk sitt. Denne gong var det Øystein som tok frispark. Han sendte ballen inn i feltet der det vart ein del klabb og babb, før Espen Overskeid til slutt fekk ballen over mållina.
Resultatet kan me gløyme ganske raskt, men det var absolutt lovande takter der mange unge fekk ei god økt. Ungdommen må berre ta dette med seg som ei positiv oppleving i si utvikling som fotballspelarar. Dei vågar å halde på ballen for å finne gode spelemoglegheiter, og dei tek ansvar for oppgåvene dei er sett til. Laget kom alt i alt godt ut av økta, der Øystein var den som utmerka seg det litle ekstra.
Fakta
Mål:
3-1 Ådne Nærheim
6-2 Espen Overskeid
Spelarar:
Ingve Berge – Nils Arne Moe, Tor Arne Sigstad, Tor Olav Berge, Robert Sjøholt – Fredrik Deilkås, Øystein Nærheim, Arne Mehus, Rune Lovra – Ådne Nærheim, Chister Hansen
Innbytarar: Dagfinn Nærheim, Sigvart Vårvik, Espen Overskeid, Håvard Hoftun, Sindre Lorentzen