I denne turneringa melder kvar einskild seg på individuelt, og så vert laga trukne. Det er alltid ein del spenning når oppslaget med laga kjem, og diskusjonen melder seg om kven som ser sterkast ut på papiret. Nokon gonger stemmer førehandstipsa, men det kjem alltid nokre overraskingar.I år, som i fjor, var det stort spenn i alderen på spelarane, frå 9. klasse til gubbatrim – og det er det som er meininga med denne turneringa.
Alt i første kamp var det duka for nerve og tøffe tak. Lag 5 med den heimvendte Svein Egil Holmestad og ringrevane Odd Åsgeir Lunde og Rune Andre Hoftun braka saman med ungdommane på lag 6; Ingve Berge, Ørjan Underbakke og Sigvart Vårvik. Dei eldste var best og vann 2-1, men frå her av og ut varta lag 6 opp med målkalas og kjapp, fin fotball og vann resten av kampane sine med til dels store siffer. For lag 5 kom det til å lugge litt meir….
Laga vart delte inn i to innleiande puljer der lag 1-4 var i pulje 1 og lag 5-9 i pulje 2. I begge puljer skulle det vise seg at det var tre lag som kjempa om dei to øvste plassene som ville gi semifinaleplass. I pulje 1 var det tre lag som enda på 6 poeng, to av dei sågar med lik målforskjell. Dermed var det laget som hadde skåra flest mål av desse som gjekk vidare.
I pulje 2 skilde nemnde lag 6 (Ingve, Ørjan, Sigvart) seg ut som gruppevinnarar, mens det var målforskjell som avgjorde kven som kapra den siste semifinaleplassen. Etter den gode førstekampen til lag 5 (Svein Egil, Odd Åsgeir, Rune Andre), klabba det litt, men rutine og nokre fine enkeltprestasjonar gjorde at målforskjellen gjekk i deira favør.
I første semifinale var det og såvidt at det haldt, men Odd Åsgeir og Rune Andre var begge i finalen i fjor – då på kvar sitt lag – og var sugne på å gjere det igjen. Motstandarar på vegen der var vinnarane i pulje 1, lag 3 med Simmen Bratland, Dagfinn Nærheim og Øyvind Gjuvsland. Lag 5 gjekk opp i leiinga med ein frekk tunnel frå Oddi, men lag 3 utlikna rett før slutt slik at det vart forlenga speletid med plutseleg død, altså første målet vinn. Dette målet var det og Oddi som sette, denne gong frå skrått hald.
I den andre semifinalen møtte målmaskinene på lag 6 lag 4 med Ingvald S. Halgunset, Thomas Tveiten og Erik W. Vold. Dette laget stilte med klassisk oppsett; ein rutinert kar bak, og to spreke karar framme. Denne taktikken virka godt, men møtte veggen i kampen om finalespel.
Dermed var det duka for repetisjon av den første kampen i turneringa i finalen. I mellomtida viste dei 27 spelarane god innsats, tekniske finesser, grove bommertar, frustrasjon, glede, sugande løp, ikkje fullt så sugande løp, perlemål, mållause kampar, målkallas, spenning og enkelte direkte uspennande kampar.
I finalen var det heile tida nokonlunde jamnt. Kampen var dobbelt så lang som dei andre kampane, så det vart rolegare spel. Lag 6 var likevel heile tida eit hestehovud framfor lag 5, og vann til slutt turneringa fortent med 4-2 som sluttresultat. Med Sigvart som forsvarssjef, Ørjan på midten som pasningsleggjar, og Ingve som kjapp og treffsikker målmaskin, fann dei oppskrifta som tok dei til topps i år. Gratuelrer!
Håpar alle finn vegen til gymsalen om eitt år igjen. Då skal me ha minst ti lag!
|
LAG 1:Jørn Våge
Bjørn Vidvei
Bjørn M. Steine |
 |