Første økt av ei hard treningssamling er over, og det enda med eit knepe tap.img_0400

Det vart ein velspelt kamp mellom to lag som ville sparke fotball og ikkje i anklar, og det er bra! Suldal tok komando frå start av og hadde spelet store deler av første omgang. Også i denne kampen våga me å spele og halde på ballen. Pasningane traff og løpa var gode. Det høge presset gjer at me får styre mykje av spelet, og det er god trening. Ulempa med dette høge presset er at me kjem i ubalanse når motstandarane bryt. Me er då ikkje raske nok til å komme tilbake og presse ballførar. Dei fleste måla me har sluppe inn i treningskampane våre har komme dei gongene me ikkje kjem opp i ballførar. Me blir rett og slett for ivrige. Det same skjer når me skal takle, me er litt for opptatt av ballen og gløymer ut å sikre oss dersom me ikkje vinn ballen. img_0401

Men det går an å rette på slikt! Det er kjekt at me nå får mål på flotte angrep og samspel, og ikkje bare på dødballar. Paradoksalt nok kom då vårt første mål på dødball. Torstein Erfjord kjempa seg til eit frispark på kanten av 16-meteren. Frisparket skrudde rundt muren, keeper gav retur, og måljegeren Tor Arne Sigstad var på pletten. Denne gong med foten! 1-1. Dette målet kom rett etter pause, og då spelte Suldal skikkeleg godt. Dei kom fram gang etter gang, og berre nokre minutt etter fekk Suldal mål igjen. Tore Sørås førte ballen framover, gav ut til Ådne Nærheim. Han sendte ballen direkte inn i feltet der Odd Åsgeir Lunde breisida inn leiarmålet.

Dessverre kom Storhaug for lett gjennom rett etterpå og utlikna. Men Suldal haldt fram med høgt press og mykje bra spel. Det høge presset førte til at Odd Åsgeir fekk rom og tid til å slå ein tunnel gjennom forsvarsrekkja til Storhaug og til Øystein Nærheim som stakk fram og sette ballen til side for keeper. Nok ein gong i leiinga. Ein del trøtte bein og nokre overtråkk utover i omgangen gjorde at det vart mykje bytte mot slutten av kampen. Storhaug var dei som var sprekast mot slutten, og fekk to nok ein gong litt for lette mål slik at det var heimelaget som gjekk av med sigeren.img_0402

Det kunne like godt vore Suldal som hadde vunne. Vegard Aas hadde eit annulert mål på ein flott langpasning frå Øyvind Gjuvsland som nok ikkje skulle vore avblese. Ådne hadde eit frispark i stanga, Øystein skulle nok hatt eit straffespark. Men, men.  I føljetongen debutantar på Suldal a-lag, kjem me denne gong til Terje Gjuvsland og Sindre M. Steine. Begge fekk nokre minutt mot slutten av kampen for å kjenne på nivået. Dei skal få kjørt seg hardare i morgon!

Fakta

Mål:

1-1 Tor Arne Sigstad

1-2  Odd Åsgeir Lunde

2-3 Øystein Nærheim

Spelarar:

Ingve Berge – Sigvart Vårvik, Øyvind Gjuvsland, Rune Andre Laugaland, Nils Arne Moe – Øystein Nærheim, Tore Sørås, Odd Åsgeir Lunde, Bjørn M. Steine – Ådne Nærheim, Vegard Aas

Innbyttarar: Torstein Erfjord, Tor Arne Sigstad, Tor Olav Berge, Rune Lovra, Håvard Hoftun, Terje Gjuvsland, Sindre M. Steine, Sindre Lorentzen