Den andre treningskampen denne helga gjekk mot Sunde på kunstgraset i Kvernevik. sunde

Ein del fråfall av ulike årsakar gjorde at spelartroppen vart noko redusert til denne kampen. Det vart derfor mange tunge bein utover i andre omgang. Eit av fråfalla var likevel av den gledelege sorten, Rene Adjemi vart far for første gong den 28. mars. Gratulerer!

I kampen mot Storhaug var me godt nøgde med mykje av det offensive spelet, men me slapp inn for lette mål. Dette ville me ta tak i mot Sunde. Presset vart lagt inn litt lågare, medan forsvaret skulle falle meir av. Så lenge midtbanen greidde å leggje press på ballføraren, fungerte dette bra. Sunde fekk dei to første måla sine på to flotte langskot som målvakt for dagen Hans Olav Brustveit ikkje kunne gjere noko med. Den første timen av kampen var oppløftande for den defensive delen av spelet. Offensivt fekk me og i dag til å spele ballen og komme til gode sjansar etter fine kombinasjonar. Det var berre det å treffe mål som mangla. Då fram til 60 minutt var det absolutt godkjent.

Den siste halvtimen vart derimot tung. Halvannan kamp på kunstgras på under eit døgn tek på, så det var ikkje anna å vente enn at kreftene ebba ut mot slutten. Dermed fekk Sunde to enkle mål mot slutten. Reduseringa til Suldal var derimot ei perle. Det blir kamp om å ta frispark på Suldal etter kvart. Tidlegare i treningskampane har Tore Sørås og Ådne Nærheim vist fram gode skotbein. Me veit og at Øystein Nærheim har ein farleg fot. Mot Sunde var det Rune Andre Laugaland som fekk prøve seg. Han tok frispark frå ca 20 meter, skrudde det elegant rundt muren og sette det utagbart i mål bak keeperen. Ein flott prestasjon!

Fakta

Mål:

4-1 Rune Andre Laugaland

Spelarar:

Hans Olav Brustveit – Nils Arne Moe, Tor Arne Sigstad, Tor Olav Berge, Vidar Hilde – Odd Åsgeir Lunde, Tore Sørås, Rune Andre Laugaland, Torstein Erfjord – Ådne Nærheim, Vegard Aas

Innbyttarar: Håvard Hoftun, Øyvind Gjuvsland, Rune Lovra,