Suldal er endeleg så heldige at me har fått opp mange unge, ivrige spelarar. Desse skulle og få seg ein kamp denne treningshelga.madla

Meininga var at ungdommane skulle få ein del hjelp frå dei meir rutinerte på laget, men som nemnt i referatet frå Sunde-kampen, så vart spelarstallen etter kvart kraftig redusert.  Dermed vart det eit svært ungt lag som møtte Madla sitt juniorlag. Madla hadde litt fråvær dei og, men dei viste seg raskt mykje tøffare enn suldølen. Tidlegare jelsabu Kåre Eskedal har eit knakande godt lag han er med og trenar. Spelarane på Madla var frå 15-18 år gamle, og eg trur eit toppa Suldal ville fått god motstand mot desse ungdommane.

Dei trenar fem gonger i veka og var store, sterke og spreke. Sjølv om det til pause berre var 3-0, så hadde Madla full kontroll over spelet. Suldal vart for lette, treige og små i møte med desse atletane. I ettertid er det ikkje tvil om at me skulle funne eit lag på eit lågare nivå å spele mMadla Jr - Suldal Jrot. Men dei unge spelarane viste god moral og innsats sjølv om det butta i mot  og kaptein Christer Hansen og Fredrik Deilkås var dei som gjekk i bresjen. Dei eldre spelarane som kom inn for spelarar som vart skada etterkvart i kampen var tunge i beina og kom på ingen måte med i kampen. Øystein Nærheim måtte tidleg ut, og debutant Andreas Groven fekk ein hard smell i kneet.

Sjølv om det altså vart eit stortap for dei yngste denne helga, var spelarane likevel ved godt mot. Eit par av spelarane, Fredrik og Øystein, er aktuelle for kretslagsamlingar, og for dei er det bra å få sjå kor nivået på eit av dei beste aldersbestemte laga i fylket ligg. Slik ser dei kva dei har å strekkje seg etter. Tenk om dei kunne trent på eit slikt nivå fem dagar i veka!

FaktaMadla Jr - Suldal Jr_

Spelarar:

Ingve Berge – Dagfinn Nærheim, Terje Gjuvsland, Sindre M. Steine, Hans Olav Brustveit – Andreas Groven, Fredrik Deilkås, Øystein Nærheim, Sigvart Vårvik – Christer Hansen, Sindre Lorentzen

Innbyttarar: Håvard Hoftun, Vidar Hilde, Vegard Aas, Tor Olav Berge