I år, som i fjor, er det Gro Fisketjøn som er meldar frå G14-kampane. Gutane synest det var kjekt å koma i gong etter ein lang vinter. Frå 2011 til 2012 har fira gutar gitt seg, mens det er kome 5 nye gutar frå Sand inn på laget.

Kampen mot Torvastad var aldri spennande. Torvastad måtte i siste liten byta frå 11’er-lag til 7’er-lag. Bjørn Deilkås måtte ta utfordringa på direkten, og starta med ein sterk 7’er som var vel tøff for motstandaren. Når han i tillegg kunne byta slitne spelarar med nye friske bein (Suldal hadde 9 reserver mot Torvastad sin eine reserve), vart det aldri spennande.

Suldal vann lett 12-1, men vil nok få mykje større motstand utover sesongen. No ventar 2 bortekampar mot Etne og Djerv 1919