Torsdag var G14-gutane i Vats og henta heim 3 nye poeng etter 4-1 siger mot Skjoldar/Vats/Vikebygd.
Wenche melder at gutane sleit meir med spelet i dag, og var ikkje i nærheten av det gode spelet samtlege har vist i dei siste kampane. Fråfall og skader gjorde sitt til ein del nødvendige omrokkeringer, men flott at dei score mål og vinner kamper på ein dårleg dag.
Gøran Torin scora 3 og Sander 1 mål. Tross dette får laget skryt av motstandarane der dei trekkjer fram at Suldal er gode på nettopp samspel, noko trenarane og spelarane tykkjer er kjekt å få positiv tilbakemelding på. Når laget i tillegg har 34-5 i målforskjell så lovar det godt for framtida til denne aldersgruppa.
Neste kamp er mot Haugar heime i Prestavikjo måndag kl. 18.30. Vonar mange kjem og ser på! Gutane har jysla lyst å visa seg fram på heimebane etter mange bortekampar.