Toppskårar Suldal 1 2012: Hallvard Erfjord

Toppskårar på Suldal 1 i år vart Hallvard Erfjord med fem mål.

Som de kunne lese her på sida i går, vart og Hallvard kåra til beste unge spelar 2012, så han har hatt ein god debuttsesong i seniorfotballen. Mykje av det som bør nemnast om ungguten vart nemnt i omtalen i går, så det er berre til å lese den artikkelen om att.

For dei som har lese Øyvind Halgunset sine eminente referat frå G14, G15 og G16-laga dei siste åra, kjem det ikkje som noko overrasking at Hallvard kan skåre mål. Han har hamra inn mål mot hjelpeslause motstandarar i fleire år. Me var derfor spente då han tok steget opp til seniorfotballen. Dette steget har han teke på strak fot. I haust har me dessverre vore i overkant forsiktige framfor motstandarmålet, så det har ikkje vore gode arbeidstilhøve for ein einsleg spiss. Med meir offensiv støtte frå resten av laget kunne det fort blitt tosifra antal mål frå Hallvard i år.

Før siste kamp var det ganske ope kven det var som skulle bli toppskårar i år. Før kampen stod Hallvard med fire mål saman med Ingvald S. Halgunset, og Øyvind Gjuvsland og Jone Utbjoa hadde tre mål kvar. Sidan Hallvard og Jone skåra eitt mål kvar, vart lista slik: Hallvard 5 mål, Ingvald og Jone 4 mål.