Toppskårar Suldal 2 2012: Sigurd Slåtto

Sigurd Slåtto vart i år som i fjor toppskårar på Suldal 2.

I år valde han å sikre sigeren inn med minst mogleg margin. Han enda på åtte mål, eitt føre Hallvard Erfjord og to føre Ørjan Underbakke.

Om det ikkje vart like mange mål som i fjor, så viser Sigurd framleis gode avluttareigenskapar i tette kampar på liten bane. Han treng ikkje lang tid på å setje ballen i mål. Når motstandaren er umerksam i eitt brøkdelssekund, så er det nok for Sigurd. Styrke, balanse og snert i fråspark og skotfot er nok dei viktigaste eigenskapene som har gjort Sigurd til toppskårar to år på rad.

Både laget og Sigurd kom noko trått i gong i vår, då me tapte fleire kampar på rad. Då de endeleg løsna for lag og spelar, kom måla jamnt og trutt. Dessverre vart sesongen avslutta noko brått, då Sigurd fekk ein kraftig overtråkk midtvegs i haustsesongen. Det hadde noko vorte tosifra i år og om han hadde fått spelt dei siste kampane og. Men om det ikkje vart mål på banen i siste del av sesongen, så vart det vél så viktig nettkjenning på «hiimabane»!