Flest kampar for Suldal 1: Ingve Berge

I  år var det målvakta vår Ingve Berge som fekk med seg flest kampar, 19 av dei 21 som vart spelt.

Når ein i tillegg veit at eit raudt kort stod i vegen for ein kamp, så var det berre ein kamp Ingve meldte forfall til i år. Etter ein del år med mange til å dele på denne jobben, har me i år hatt ganske god kontinuitet på denne plassen.

Ingve har hatt ein god sesong med mykje å gjere. Derfor viser han og igjen på spelarbørsen. Heilt til siste kamp kunne han ha fått delt førsteplass på spelarbørsen. Sjølv om me har tapt ein del, så  er det ikkje mykje av den skulda sisteskansen vår skal ha. Den største styrka hans har i år vore situasjonar der motstandaren har komme åleine mot målvakta vår. Der har Ingve vore svært god og vaken, og rydda opp med flotte og uredde inngripnadar. Men og i feltet har han vokse dei siste åra og greier seg bra. Pluss på med god reaksjon, så har me ein god keeper i mange år, håpar me.

I tillegg til å stå i mål, har Ingve og prøvd seg ute på banen i år, både for å få avveksling og for at ringreven Erik W. Vold framleis kjenner eimen av – om ikkje sagmugg lenger – så i alle fall gummi i kunstgraset. I tillegg til desse to, har me og hatt Inge Lunde, Øyvind Gjuvsland, Sindre M. Steine og Sigurd Slåtto i mål i år når skader og raude kort har meldt seg.

Nest etter Ingve, så var det broder Tor Olav Berge som plukka flest kampar for Suldal 1, med 18 stk. Ankelskade i slutten av sesongen gjorde at han ikkje nådde heilt til topps. Jone Utbjoa noterte seg og for 18 kampar i år. God innsats!