Flest kampar for Suldal 2: Sindre M. Steine

Suldal 2 spelte 13 kampar i år og Sindre M. Steine stilte til alle.

Sindre toppar denne lista i år som i fjor. I år er det nå slik at det er han som bestemmer når kampane skal gå, så det skulle berre mangle at han ikkje fekk med seg mesteparten. Ein skal likevel halde seg skadefri og frisk, og det har yngste bladet Steine gjort.

Sindre har styrt 2’er-laget vårt med stødig hand i år, gjennom djupe dalar og høge toppar. Utanfor banen har han hatt full kontroll, og på banen har han og stort sett hatt kontroll både som utespelar og målvakt. Dermed samla han seg og såpass med poeng frå Vinjar Låjen at han kom på ein 3. plass på poengbørsen.

I tillegg til alle kampane for Suldal 2, har Sindre og vore med på 13 kampar for Suldal 1. Dermed endar han opp med nest flest kampar totalt for Suldal sine to lag i år, ein kamp før storebror Bjørn. Dette viser at Sindre både er og vonaleg kjem til å bli ein viktig mann for a-lagsfotballen vår framover. At han i tillegg er ein svært blid og positiv kar, er sjølvsagt ingen bakdel. Godt jobba!