Årets råtass: Ingve Berge, men….

Ingve Berge fekk berre eitt kort av dommarane i år, men det var raudt. Dermed toppar målvakta vår råtasslista.

Det var i kampen heime mot Sandved at dommaren meinte Ingve felte ein motspelar som bakerste mann. Om råtassen sjølv meinte det var aldri så feil, så ville ikkje dommaren gå tilbake på avgjersla. Dermed delte han ut det einaste raude me fekk i år. Trøysta får vere at Ingve var i godt selskap. I same kamp fekk tidlegare Tippeligaspelar Øyvind Svenning og utvisning.

….Jone Utbjoa var den som fekk flest kort totalt.

Me har kanskje vore heldige som ikkje har sett det raude kortet ved fleire høve. Spesielt har kapteinen  vår vore nære eit par gonger, men merkeleg nok står han berre med eit gult kort i år. Dei andre korta me, har fått har vore gule advarslar. Desse har Jone Utbjoa samla flest av, fem stykk. Jone har dermed måtte stå over to kampar grunna karantene. På delt tredjeplass finn me Ørjan Underbakke og Ådne Nærheim med tre kvar som og måtte stå over kvar sin kamp.

Ingve og Jone enda og opp på topp på spelarbørsen, kanskje må ein vere litt rå for å vere god?

Totalt enda Suldal 1 opp med eitt raudt kort og 25 gule på 21 kampar. Me er nok ikkje den mest rampne gjengen i klassen.