bilde (2)

Full innsats i teamsprinten

Over 200 løparar stillte til start under laurdagens KM i klassisk distanse. Gode løyper og flott vær gjorde at både løperane, arrangørane og tilskoderane fekk ein god dag. Søndagen var det sprintstafett i friteknikk på programmet og det var litt meir trykk i både været og konkurransen.

Ein kjempestor takk til alle i Suldal IL og Vindafjord IL som satte av heile helga til dugnad for å få alt vel i havn. Ein stor takk og til løypekjøyraren på Gullingen, Bjørn Egil Nerheim som nok ein gang leverte gode løyper. Under kan du lese meir om korleis det gjekk med Suldalsløperane og sjå litt bilder frå helga.

Ei god helg med god insats og flotte resultat av alle suldalsløperane. Laurdag vart det  KM sølv til Ingvill Odden og Vebjørn Nerheim i sine klassar og bronse til Mathilde Nerheim og Jon Inge Vetrhus i sine klassar. Flotte 2. plassar til Ingeborg Hoftun og Tobias Mathisen i kretsrennet for 11-12 åringar.

Resultater KM klassisk: Resultatliste 8-12 år  Resultatliste 13 år+

Premieutdeling til J 11-12 år

Premieutdeling til J 11-12 år

 

I teamstafetten i friteknikk stillte Suldal IL med 7 lag + eit blandalag med Vindafjord IL. Mange av løperane synes dette var ein spennande konkuranse. Det er mange år sidan Suldal IL sist stillte med stafettlag seniorklassen i KM, men på søndag klarte me det igjen. Jon Inge Vetrhus og Vebjørn Nerheim gjekk godt og fekk KM sølv. I kretsrennet for 11-12åringar gjekk Jone Odden og Tobias Mathiesen og inn til ein 2. plass.

Resultater KM teamsprint: Resultatliste finaler    Resultatliste semifinaler

Klar til veksling i J 8-10 år

Klar til veksling i J 8-10 år

3 februar 2013 innlasting 405

Premeutdeling i G 11-12 år

Spurtoppgjør mot mål i teamstafetten

Spurtoppgjør mot mål i teamstafetten