vbk

Med tropp der snittalderen var i overkant av 21 år reiste me til Tasta i Stavanger for å henta heim tre poeng til Suldal i årets første seriekamp i 5 divisjon avd.2.

Me visste at dette ville verta ein tøff batalje, då motstandarlaget, Vardeneset 2 var eit av topplaga frå fjorårets sesong. Me ville gå ut å spela vårt spel og prøva å gjera det beste me kunne. Trenar Simmen Bratland sa det så fint: «Eg drite i om me tape, bare me reise herifrå med visshet om at me har gjort det me kunne». Med denne mentaliteten i botn entra det unge mannskapet kunstgrasbanen i fint vårvær.

Då dommaren bles igong kampen hadde me tydeligvis glømt ut desse vise orda som trenaren gav oss før kampen. Me gjorde så visst ikkje det me kunne i heile første omgång. Underteikna har spelt så mykje fotball for Suldal opp gjennom åra, men aldri sett så mange personlege feil verta begått i ein omgang før. Det var Vardeneset 2 herifrå og opp i mente, og då dommaren bles av for pause gjekk 11 suldølar av banen i visshet om at det stod 5-0 i favør heimelaget.

I pausen var fokuset at me skulle senka skuldrene og spele vårt spel. Me skulle nullstille oss og gå ut i 2 omgang og vise kva me var lagde av.

Den siste omgangen vart betre enn den første sjøl om ikkje dette skulle så mykje til. Eit mål av seriedebutant Espen Josdal og eit mål frå dagens kaptein Sigvart Vårvik gjorde til at me ikkje gjekk mållause ut av oppgjerdet. Men sjølve om me scora to mål, scora Vardeneset 2 dobbelt så mange  mål og me kunne konstatere at tapet på 9-2 var eit faktum.

Trøsta får vera at det tross alt kun var snakk om tre poeng, men ein kan ikkje halde på å gi motstandarane våre gåvepakkar på gåvepakkar framover i sesongen. Me må bretta opp armane og trøkka til slik at me kan vinna. Det er absolutt potensiale i troppen vår denne sesongen for det har me vist i sesongoppkjøringa mot Hjelmeland og Sauda. Me skal allerede neste helg få visa for suldølen at me kan spela god fotball då nyleg nedrykka, Tasta kjem på besøk i Prestavikjo. Tidspunktet er ennå ikkje klarert, men det vil me komme tilbake til seinare.

 

Mål Suldal: Espen Josdal og Sigvart Vårvik

Assist: Bjørn Madland Steine meinte han hadde ein målgjevande pasning, men den andre fekk eg ikkje med meg.

Ørjan hadde den andre

 

Laget: Ingve Berge-Christer Hansen, Tor Olav Berge, Sigvart Vårvik, Lars Lavalette-Tim Sparchholz, Ørjan Underbakke, Rene Adjemi, Bjørn M Steine-Espen Josdal, Hallvard Erfjord.

Benken: Christian Smithson og Johannes Wiegestrand (begge fekk mykje speletid)