Pausepraten hadde god effekt: Suldal snudde 0-1 til 2-1 i 2. omgang

Pausepraten hadde god effekt: Suldal snudde 0-1 til 2-1 i 2. omgang

Suldalsgutane fekk ein god start på årets sesong i 1. divisjon. Stegaberg vart slått 2-1 etter ein spennande kamp i Prestavikjo. Sjølv om Suldal var det dominerande laget utover i 2. omgang, vart ikkje sigersmålet sett inn før 10 minutt før slutt.

Kampen starta bra, sett med Suldalsauger. Det var tydeleg at spelarane var “på” og stod på i kvar einaste duell. Og sjølv om første omgangen var forholdsvis jamnspelt, var Suldal heile tida litt kvassare enn Stegaberg både i angrep og forsvar. Spesielt gjorde Lars seg bemerka med fleire gode raid og innlegg på venstresida. Med litt fleire heilhjarta løp inn i 16-meteren kunne det fort blitt mål i denne perioden. Det føltes derfor ikkje rettferdig då Stegaberg skora eit litt heldig mål etter ca halvtimen. Eit høgt innlegg gjekk over keeper, og vart etter litt klabb og babb sett i mål.

I andre omgang tok Suldal kommandoen frå start og dominerte kampen. Dei leverte fleire gode angrep, og det var derfor svært

Kaptein Mikkel klar til å slå frispark

Kaptein Mikkel klar til å slå frispark

fortent då Lars midtvegs i omgangen kunne ekspedere eit innlegg frå Gjermund via tverliggaren og i mål. Etter utlikninga fortsette Suldal å trykke på, og det velfortente sigersmålet vart sett inn av Peterson etter eit framspel frå Sander. Stegaberg yppa seg mot slutten av kampen og hadde sine sjansar til å få ei utlikning, men Suldalsgutane behaldt roen og rodde sigeren i land.

Neste kamp er borte mot Torvastad allereie måndag 15 april.

 

0-1        30 min Stegaberg

1-1       60        Lars Lavalette

2-1       69        Peterson Tijhuis

 

 

Gult kort:      Mikkel Wigestrand, Suldal

 

Lag: Oddbjørn Lund, Mikkel Wigestrand, Pål Erik Landsnes, Odd Inge Austarå, Gjermund S. Halgunset, Sander Deilkås, Tim Sparcholz, Lars Lavalette, Gjøran Torin Våge, Peterson Tijhius, Torjus Steine

Innbyttarar: Gunnar Skålheim, Eric Smithson, Isak B. Espe, Tom F. Wærnes