Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
Arkiv sesongen 2013 | Suldal idrettslag

Arkiv sesongen 2013

Sesongen 2013 gav topp-plassering for 7’er-laget, og eiin tøff sesong for 11’er-laget.

Når det gjeld seniorfotball spelte A-laget i 5.divisjon. Dei 2-3 siste åra har det vore vanskeleg å hevda seg i denne divisjonen. I 2013 enda det med nedrykk til 6.divisjon.

Her har det vore eit merkbart generasjonsskifte som har merkast godt på resultata. Mange unge lovande spelarar har også flytta ut på skule og valgt å spela for andre klubbar.

Me har også eit 7er lag i seniorfotballen. Bortekampane er spelt i Stavanger/Sandnes-området med spelarar som bur i Stavanger. Heimekampane er spelte i Prestavikjo med heimlege spelarar.

Laget har hatt ein kjempesesong og enda på 2.plass.

Dette er eit fint tilbud for dei som ikkje har så mykje speletid på A-laget eller slike som ønskjer å ha fotballen som ein sosial arena, spesielt i Stavanger.

Statistikk:

Referat og resultat Suldal 1 i 5. divisjon.

Referat og resultat Suldal 2 i 7’er-divisjon.

Harde fakta 2013.

Spelartropp 2013.

 

Kåringar:

I år toppa desse karane listene:

  • Flest kampar Suldal 1: Ingve Berge og Tor Olav Berge 18 kampar.
  • Flest kampar Suldal 2: Inge Lunde 7 kampar (ikkje komplette tal)
  • Flest kampar totalt Suldal 1 og 2: Hallvard Erfjord 22 kampar (ikkje komplette tal)
  • Toppskårar Suldal 1: Hallvard Erfjord 5 mål
  • Toppskårar Suldal 2: Hallvard Erfjord 7 mål (ikkje komplette tal)
  • Beste spelar Suldal 2: Hallvard Erfjord 5 poeng (ikkje komplette tal)
  • Flest målgjevande Suldal 2: Bjørn M. Steine 6 målgjevande (ikkje komplette tal)
  • Råtassen Suldal 1: Jone Utbjoa 5 gule kort
  • Råtassen Suldal 2: Tor Olav Berge 1 gult kort (ikkje komplette tal)