For første gong har Suldal IL med eit jentelag i krinsserien!
Etter mange år med gutelag i NFF Rogaland sin krinsserie, var det jammen på tide at me fekk med eit jentelag. Jentene er i ungdomsskulealder og kjem frå fleire deler av kommunen. Suldal, Sand og Ropeidhalvøya er i alle fall godt representert. Laget er tufta på Suldal IL sitt reine jentelag som i nokre år har spelt saman i Suldalsserien. Trenarane Petter Hoås og Odd Austarå står i bresjen for treningar og organisering. Me håpar at me kan presentere laget grundigare ved eit seinare høve.
Før sesongen var 11’er-fotball eit ukjent fenomen for jentene, men dei har fått seg nokre treningsøkter mot G15-laget før serien tok til i vår.
Her er lenkjer til resultat og tabell. Under ligg terminlista som etter kvart blir oppdatert med resultat. Eventuelle referat frå kampen finn ein dersom datoen for kampen har lenkje. Elles i tabellen kan ein klikke på laga for å komme til dei ulike laga sine sider på fotball.no, banen for å finne info om denne, og resultat for å sjå kamprapporten frå dommaren.