Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
Rød (Vassbotn) | Suldal idrettslag

Rød (Vassbotn)

Inst ved Ritlandsvatnet har Egil hengt opp ei bok heilt nede ved vatnet der det heiter Rød. Nokon brukar og namnet Vassbotn. Dette er det suverent mest populære målet i Skogstrimmen, og det er ein lett og fin tur.

Utsikt over Ritlandsvatnet frå Vassbotn.

Utsikt over Ritlandsvatnet frå Rød (Vassbotn).

Ein kan komme til Rød frå to sider. Ein kan ta utgangspunkt i Steine og Bydalen, eller ein kan velje å starte på Ritland. Denne gangen er det Ritland som er utgangspunktet for turen.

Start ved Filialen.

Start ved Filialen.

Turen startar med at ein må over osen ved Ritlandsvatnet bak Filialen (no LHL). Vil ein komme over utan å verte blaut på beina, kan ein gå på ein sti som startar nedi svingen på riksvegen og går på nordsida av Kvednahola. Her kjem ein inn på grusvegen som fører fram mot målet.

Grusvegen er fin både til å gå og til å sykle på. Vegen går litt opp og ned tre kilometer innover langs Ritlandsvatnet, fleire stadar får ein fin utsikt over vatnet. Eit stykke innover vert vegen omkransa av tett lauvskog, nett som ein alè. Ein føl vegen heilt til den tek bratt opp til høgre. Her skal ein ned til venstre, forbi ei hytte til ein møter på ein bekk.

Utsikt mot nausta på Vasshus.

Utsikt mot nausta på Vasshus.

Den største utfordringa på turen?

Den største utfordringa på turen?

For å komme over bekken, må ein over ei lita hengebru. Etter denne, føl ein vegen ca 30 meter, før ein svingar til venstre av vegen og inn på ein sti. Denne stien fører så ned til vatnet der boka heng. Her kan ein finne roa og kikke på vassliljene.

Når ein så skal heim igjen, kan ein gå same vegen tilbake, eller ein kan ha ordna med transport på førehand og heller ta turen til Steine, eventuelt Ritland.

Høgdeprofil for Rød (Vassbotn) frå Filialen. Klikk på profilen eit par gonger for å få større versjon.

Boka heng nede ved vatnet.

Boka heng nede ved vatnet.