Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
Prestastølen ca 540 moh | Suldal idrettslag

Prestastølen ca 540 moh

For fleire i Åsen er Prestastølen ein fin og passe tøff tur ein kan ta med utgangspunkt i si eiga inngangsdør. Dei som ikkje bur i nokre av åsane, kan komme seg til der merkinga startar, midt i svingen i Salomonskleivo, og gå derifrå. Det er og andre plasser ein kan starte frå, høyr med kjentfolk!

Boka på Prestastølen.

Boka på Prestastølen.

Start frå Salomonskleivo.

Start frå Salomonskleivo.

Merka leier først over ei ur, før den tek inn på gode stiar som først går gjennom myr og tuver, før den ber ganske bratt oppover gjennom tett barskog og etterkvart blandingsskog. Stien er lett å følge, og ber preg av at den vert nytta av mange.

Etter ei stund med slit, kjem ein opp til første utkikkspunkt på Nere Leite. Her ser ein over til Stråpa, heile Moane, Tjukking og Haugen. Om ein her ikkje blir freista til å rappellere seg nedover laupestrengen som heng nedover berget, så ber det vidare oppover.

Ein går forbi Øvra Leite, der utsikten ikkje er all verda pga. mykje skog, og kjem etter kvart til ein stad det sikkert dryp når det regnar på Prestastølen. Namnet på staden startar på Klokkar, men om det slutta med -vegen, -stien eller noko anna, hugsar eg ikkje nå.

Utsikt frå Nere Leite.

Utsikt frå Nere Leite.

Til venstre i første kryss, over ura og så inn på stien.

Til venstre i første kryss, over ura og så inn på stien.

Frå her, er det ganske lett terreng på fin sti fram mot bøen framfor Prestastølen. Boka ligg i stikrysset aust for bøen, i eit tre rett nedanfor løa som står til nedfalls.

Som på Gunntveitåsen har ein og her valet mellom å snu og gå ned, eller å halde fram opp til Vinjanuten.

 

Høgdeprofil Prestastølen. Klikk eit par gonger for stor versjon.

Prestastølen.

Prestastølen.