Fisketjønsvardane ca 800 moh

Står ein på Osen og kikkar opp på nuten som ruver over bygda, ser ein to vardar på det som ser ut som toppen.

Dette er Fisketjønsvardane. Toppen av nuten er eit drygt stykke både opp og bakover. Skal ein på nuten, bør ein innom begge stadar!

Fisketjønsvardane. Det som ser ut som toppen frå Bygda.

Fisketjønsvardane. Det som ser ut som toppen frå Bygda.

Over myrane frå Grunntveitåsent mot Langhaug.

Over myrane frå Grunntveitåsent mot Langhaug.

Vardane når ein gjerne lettast frå Gunntveitsåsen. Det er iallefall mest motiverande psykisk frå den sida, for då kjem ein til vardane og utkikkspunktet før ein eventuelt tek vegen opp dei 300 høgdemetrane til toppen av sjølve nuten. Går ein opp via Prestastølen, må ein ned  desse høgdemetrane frå nuten for å komme til Fisketjønsvardane der den flotte utsikten over bygda er.

Skal ein same vegen heim, blir det opp igjen og over toppen før ein kan starte nedstigina. Oppmodinga er uansett å gjere ein rundtur om ein først er på Vinjanuten. Start frå Åsen og slutt av ved Bilane eller Veka, eller gå motsett veg.

For å komme til boka på dette målet, kan ein ta utgangspunkt i kraftvegen frå Veka mot Langhaug og gå den gamle stien som leier opp Glompedalen, eller ein kan gå vidare frå Gunntveitåsen. Frå boka der, går ein aust over myrane mot Langhaug og kraftvegen som leier opp til dammen. Den nye, merka stien går til den gamle skogsvegen på vestsida av Vekaåna.

Glompedalen.

Glompedalen.

Vardane, før utsikten....

Vardane, før utsikten....

Merka føl ikkje på skogsvegen, men ein sti noko nærare åna. Her føl merka den gamle sauastien som lenger oppe kryssar åna og tek over mot Langhaug. Ein kan sjølvsagt framleis gå her, og då får ein nok ein tur med mindre stigning enn på den nye, merka løypa.

Den nye løypa går rett oppover myrar og lyng. Pass på å sjå etter merka, for kjem ein bort frå desse, kan det vere vanskeleg å finne ein brukande veg. Jo fleire som går etter merka, jo raskare blir det fin sti her og. Det aller meste er tett og godt merka, så det skulle ikkje vere så vanskeleg.

Du kan klikke på alle bileta for å få dei større og zoome inn.

...slår imot deg. Du kan klikke på alle bileta for å få dei større og zoome inn.

Etter å ha stige raskt, men bratt, opnar skogen seg opp og det vert noko lettare å gå siste stykket opp til Glompedalen der gamlevegen frå Langhaug kjem. Frå her ber det jamt, men ganske slakt og lett oppover mot toppen av dalen. Retimg_15841t før ein når toppen, går løypa til venstre og ut mot kanten og bygda. Då går ein rett på nutane og utsikten.

Når mat, drikke og utsikt er fortært, bør ein oppom Vinjanuten når ein først er her, før ein fer heim igjen.

For høgdeprofil, klikk deg inn på Vinjarnuten og trekk frå mellom 2-300 meter.

img_15861

img_15851