Vinjanuten 1106 moh

Vinjanuten

Vinjanuten

Vinjanuten ragar mektig over dalen, og kan vere både til sut og glede. Det er nok dei som kunne ønska den der peparen gror når skodda heng tung. Men utan Vinjanuten hadde nok verken staden eller folka som bur her vore som det er i dag.

Frå Lunde ser ein både toppen midt i biletet og vardane til høgre. Klikk for større bilete.

Frå Lunde ser ein både toppen midt i biletet og vardane til høgre. Klikk for større bilete.

Sjølv om me ikkje alltid ser toppen, kan me føle at den er der. Omlag 300 høgdemeter opp frå Fiskjetjønsvardane – dei me KAN sjå – står varden. Her kan ein sjå heiar i nord, aust og sør. I vest skimtar ein fjordar og ytst ute havet. Om seinsommaren, når snøen i heia er faren, er det fjell, fjell og fjell. Tidlegare og seinare på året ligg snøen kvit mange stadar.

Det er to vanlege vegar ein brukar for å komme seg opp. Ein kan gå frå Prestastølen, eller frå Gunntveitåsen via Fisketjønsvardane. Klikk på lenkjene for å sjå korleis ein kjem seg til desse plassane. Frå Fiskjetjønsvardane føl ein berre merka løype rett opp på nuten. Noko tungt kan det vere, men det er fort gjort.

Toppen slik den syner seg når ein kjem frå Fisketjønsvardane.

Toppen slik den syner seg når ein kjem frå Fisketjønsvardane.

Frå Prestastølen føl ein merka løype gjennom siste rest av skog mot Øvrastølen, før ein stig jamnt opp gjennom grastuver på ein sti som nokre gonger er der og andre gonger ikkje. Om alle føl dei nye merka, blir vegen her raskt betre! Den siste delen går helst på berg opp ryggen av nuten.

Ofte trekk på toppen!

Ofte trekk på toppen!

Ein kjenner ein er høgt oppe, for oftast er det ein god fjellbris når ein har varden i sikte.Finn boka og nista og set deg i le bak varden før du tek turen ned igjen.

Skal ein verkeleg kunne bresa seg etter turen, tek dei tøffaste Råso opp til nuten. Dette er skaret som går rett opp fjellet lengst vest, opp frå Tjukking. Det er sjølvsagt bratt, men slett ikkje livsfarleg. Ein dett ikkje langt skulle ein miste fotfestet! Start i Tjukking og dra deg opp lia ved hjelp av trestammar og greiner gjennom skogen til høgre for ura. Gå ikkje ned i sjølve Råso.

Dei tøffaste tek vegen opp Råso.

Dei tøffaste tek vegen opp Råso.


Så lenge ein er inne i skogen, ser ein ikkje stort om ein snur seg, men når ein kjem over tregrensa og ein berre har grasbakken på toppen føre
seg, då er det luftig og vel vert slitet! Turen er bratt og ganske tung, men adrenalinet gjer at turen går raskt, og trøtt blir ein ikkje før ein set seg i sofaen heime etterpå.

Ein kan og gjere turen til Vinjanuten frå andre stadar, f.eks. Valskår. Høyr med kjende!

Høgdeprofilar

Klikk på profilen for å få det større.

Vinjarnuten frå Osen, via Gunntveitåsen og Langhaug

Vinjarnuten via Prestastølen

Vinjarnuten opp Råso frå Tjukkeng