Suldal IL organiserer fleire ulike trimaktiviteter. Dei fleste går føre seg i gymsalen.
Oversikt over treningstider i gymsalen finn de her:
Treningstider gymsalen Vinjar skule vinter 2022-23. Her er det berre til å møta opp!
- Gubbefotball:
- Fotball for dei som ikkje er på a-laget.
- Tysdagar kl 20.00-21.30. Jon Bråtveit
- Ballspel for damer:
- Bandy, fotball, minihandball, styrketrening.. Damer i alle aldrar.
- Onsdagar kl 20.00-21.30. Hege Hiim Steine
- Yoga:
- Øvingar med instruksjon. Ope for alle.
- Onsdagar kl 18.30-20.00. Gunn Tove Eikeland
- Aerobic:
- Øvingar med instruksjon. Ope for alle.
- Torsdagar kl 19.30-21.00. Linda Klungtveit Bredenbekk.
- Skogstrimmen:
- Turar i dalføret, frå den korte ettermiddagsturen, til mellomlange og lange dagsturar. Her ligg det ute bøker som det blir trukke vinnarar i. Skildring av turane finn de på https://www.suldal-il.no/?page_id=432
- Dagsturhytta:
- Suldal IL har tilsyn med dagsturhytta som ligg på Bjødlenuten på Stråpa, Suldalsosen. Denne finn du halvvegs på veg til Stråpanuten.