Sesongen 2009 gjekk over som tangering av beste sesongen gjennom tidene, med 3. plass i 5. divisjon.
Oppsummering:
Me var med i kampen om puljesiger og opprykksplass til langt ut i andre omgang i tredjesiste kampen heime mot Figgjo. Ei 3-0 leiing når det stod vel halvtimen igjen burde halde til å slå dei som til slutt rykka opp. Men ei sterk opphenting frå gjestene, og ei desto svak avslutning av oss, førte til at piffen gjekk litt ut. I nestsiste kampen tapte me dermed andreplassen i pulja og.
Men alt i alt mykje positivt denne sesongen, ein del godt spel, halte i land jamne kampar, og heile 31 spelarar som var innpå i løpet av sesongen. Med endå fleire på trening, må ein iallefall kunne konkludere med at a-laget i 2009 var ein sosial samlingsstad.
Kåringar:
Beste spelar: Tore B. Søraas
Toppskårar: Tore B. Søraas og Vegard Aas 9 mål
Flest kampar: Tor Arne Sigstad: Alle 16
Under er lenkjer til stoff som ligg ute frå sesongen 2009.