Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
Friidrett, langrenn og stifting av idrettslaget 1965-1990 | Suldal idrettslag

Friidrett, langrenn og stifting av idrettslaget 1965-1990

 

Medlemskort 1965

Bidragsytar: Takk til Arne Mehus og Tore Moe

«Etter initiativ av nokre idrettsinteresserte ungdommar i nedre enden av bygda blei ungdom og eldre i Nedre Suldal den 21. febr. 1946, innbodne til eit idrettsmøte i ungdomshuset på Førland. Det var meininga å freista å skipa til eit idrettslag i Suldal, og dette blei og gjort. » (frå møteboka)

Det var Arthur Kvammen som leia møtet og han synta og nokre introduksjonsfilmar i skiidrett. Desse vart vist i sakte tempo slik at ein kunne sjå korleis teknikken var. Medlemskontigent i laget vart sett til kr. 2,50 pr. halvår.

Det mest naturlege å drive med i Suldal var ski i ein eller anna form.  Det vart sett opp renn i slalom, utfor , hopp og sjølvsagt langrenn.

Merkerenn var den aktivitetsforma laget starta med: «Tredje dagen etter at idrettslaget blei skipa , blei det lyst til skimerkerenn i nedre enden av bygda  med start og innkomst ved ungdomshuset  på Førland (…) Løypa var truleg vel lang og gjekk delvis om svært vanskeleg lende. Det var tretten deltakarar, alle gutar. Av desse greidde ellve fordringane til merket.» Skimerkerenn var noko ein hadde årleg.

25. mars 1948 skipa laget til eit renn som skulle visa seg å bli eit årleg arrangement, nemleg Mosvatnet rundt. Det var skiinteresserte byfolk rundt Mosvatnet som hade sett opp ein vandrepokal som måtte vinnast tre gonger for å få han til odel og eige. Det første nappet var det Karl Nerheim som fekk.

Det var tidleg ynskje om å få til ein hoppbakke, men sjølv om ein fekk grunn og dugnadsviljen var stor enda det med at saken vart utsett. I 1955 kan ein imidlertid lese i Møteboka åt SIL:

«For å ta til med vinteren , så har me fyrst og fremst  det å skrøytaover at me har fått til ein halvslarven hoppbakke i Prestegårdsmarka, (…) der er iallefall prestert hopp på over 20m i den stand bakken er no.»

Suldal IL hadde ein pause i aktiviteten mellom 1948 til vinteren 1952. Det var etter pausen at sommaridretten verkeleg fekk sving på seg. Sommaren 1952 var Suldal IL representert  i terrengløp i Stavanger, «Mosvanet rundt», 2 og 5 plass vart det denne gongen

I 1955 var det slutt for Suldal IL og laget hadde ein pause fram til det vert gjenstarta i 1965.

Klikk på eitt av bileta for å få lysbileteframsyning.

 

Takk til Arne Mehus for lån av tekst og Tore Moe for lån av bilder. Er det andre som har bilder å dele må ein gjerne ta kontakt med Torill.