Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
Sesongen 2011 | Suldal idrettslag

Sesongen 2011

Inngangen til sesongen 2011 var prega av spørjeteikn og uvisse. Rogaland Fotballkrins sendte oss til nord-fylke, noko som rokka ved alt me hadde bygd dei siste åra.

Harde fakta 2011

Referat og resultat 5. divisjon

Referat og resultat 7’er-divisjon

Obligatoriske kampar 2011

Nyttårsturnering 2011

Oppsummering

Med store deler av spelarane våre busett i Stavanger, ville det bli lange reiser både til borte- og heimekampar. Dette var det mange som ikkje ønska å bruke tid på. Det resulterte i heile fire overgangar til Vaulen, eit par-tre som trappa ned, samt ei redusert spelargruppe. Når det i tillegg var så godt som heile midtbanen og angrepet som forsvann, var me ganske budde på at det kom til å bli tøft å hevde seg i 5. divisjon. Målet måtte vere å halde plassen.

Det skulle vise seg at det var i botn me måtte kjempe. Heilt nykomponert midtbane og angrep, samt ein lovande, men urutinert keeper og tynnare spelarstall viste igjen. På den andre sida: Dette var ein ypperleg sjanse for ungdommen å vise seg fram på eit bra nivå. Nye spelarar måtte stå fram og ta tak, og det vart mange jamne kampar. Heile åtte kampar enda med eitt-målssiger. Hadde me drege i land eit par til av desse, så hadde plassen i 5. divisjon vore sikra også til neste sesong.

Me hadde nokre stortap og, men henta oss flott inn og spelte kanskje dei beste kampane våre i returoppgjera mot topplaga. Det viser at det bur mykje i mange av spelarane, og spesielt ungdommen har vist fin utvikling ved å få mykje ansvar.

Sjølv om me låg under streken gjennom heile sesongen, så var det speleglede og godt humør som prega spelartroppen. Det vart mykje omskifting på laget frå kamp til kamp, og kanskje var det litt få av dei same som kunne stille til kamp frå runde til runde. Likevel var det ein god kjerne som plukka med seg mange kampar. Med litt fleire målkåte spelarar og ein rutinert, kynisk ringrev på midten, så ville me kunne hevda oss der me meiner Suldal bør høyre heime, godt opp på tabellen i 5. div. Nedrykk er likevel ikkje nokon katastrofe når laget er så godt som nytt.

Sidan me mista mange spelarar før sesongen, fann me ut at me ikkje kunne ha to 11’er-lag. Erfaring med 7’er-lag har vist at fleire av bylaga ikkje tek reisa inn til Suldal for å spele bortekampar. Me ville dermed ikkje ha dette heller. Men så kom me på at me har nok spelarar i byn som møter opp til uformell trening i gymsalen på Godalen vinteren gjennom, kvifor ikkje få til eit lag rundt denne gjengen?

Som sagt, så gjort. Suldal 2 spelte sesongen 2011 alle sine kampar i Stavanger, både heime- og bortekampane gjekk på motstandarane våre sine banar. Lite reising på alle, og god kamptrening. Fleire av spelarane på Suldal 2 deltok etter kvart meir og meir på Suldal 1, kanskje på grunn av kamptreninga på 7’er-laget?

Nivåmessig så hevda Suldal 2 seg godt, og betre og betre utover i sesongen. Eit par lag skilte seg ut som betre enn resten, men elles var det jamne kampar sesongen gjennom. Ein solid avslutning gjorde at me fekk akseptable 22 poeng, og ein plass midt på tabellen.

Bortsett frå eit godt humør og miljø i heile spelargruppa til senioravdelinga trass mykje reising for enkelte, er det eit par lysfontener denne sesongen: Halve sesongen vart spelt på nytt, flott kunstgras i Prestavikjo, og NRK Rogaland laga reportasje om Suldal som trenar både i byn og i Suldal. Dette vart eit såpass godt innslag at det gjekk på riksdekkjande fjernsyn!

Kåringar:

Beste spelar Suldal 1: Nils Arne Moe

Toppskårar Suldal 1: Jone Utbjoa 9 mål

Unge spelar: Ingvald S. Halgunset

Beste spelar Suldal 2: Sigurd Slåtto

Toppskårar Suldal 2: Sigurd Slåtto 21 mål

Flest kampar Suldal 1: Tor Arne Sigstad og Jone Utbjoa: Alle 18.

Flest kampar Suldal 2: Sindre M. Steine: Alle 18

Flest kampar totalt: Ørjan Underbakke: 34 kampar