Jon Bråtveit – trenar

jon
Namn: Jon Bråtveit
Født: 07.12.1977
Oppvaksen i følgande skulegrend: Vinjar
Bur for tida: Våland, Stavanger
Arbeidsstad/studie: Harestad skule, Randaberg
Sivilstand: Singel – sjå elles under «Hobby»
Posisjon på bana: Sidelinja
Debutsesong i Suldal: 1993
Sesongar i Suldal: 1993-1995 + 2002-2006 er eg temmeleg sikker på. Eit litt utsvevande byliv på slutten av 90-talet gjer at eg er litt usikker på kva eg dreiv med i den tida, men må vel ha vore med nåke då og…?
Eventuelt tidlegare klubbar: Bedriftslaget til Stavanger Lærarlag!
Beste minne med Suldal a-lag: Utan tvil Rogalandscupen mot Buøy på Humpen i deilig regnvêr!
Verste minne med Suldal a-lag: Her er fleire å velje mellom. Topp tre: 1. Alle kampar på Stemmen Grus. 2. Walter si vanvittige leggknekkartakling i Vikjo måndagen etter Fisterdansen i 1996! 3. Midtstopparen på Forus/Gausel som la ei stor karriere i grus då han tok ballen frå underteikna, dessverre utan at han kan lastast for det. Men det var ei lita trøyst at dei rykka ned den sesongen… 🙂
Spesielt minne med Suldal a-lag: Sigstaden i full firsprang nedover Bøgata frå Pizza Fjoset mot Bø sentrum, medan han prata meir enn det han gjer gjennom sju sesongar i midtforsvaret.
Favoritt speleretning i Vikjo – mot Nuten eller Låjen: Mot Låjen
Favorittlag: Brann og Manchester United
Favorittspelar gjennom alle tider: Bryan Robson og Kjetil Rekdal
Framkomstmiddel: Recycled Ferrari: Liten, raud Nissan Sunny Celebration 1990-modell. Satsar på fire nye år, eller kva trur du GB?
Favorittmåltid etter ein god kamp: Stut og ei kalde.
Favorittinnkjøp hos Vegard, Tore og Halil på SPAR’en på kaien i byn før kamp: Parkeringsavgift! Aldri sett på makan til ivrige parkeringsvakter
Lesestoff: Tabellen for Tippeligaen 2007! Elles romanar der ting går til helvete, samt dei mest avanserte artiklane i Morgenbladet som ingen forstår noko av, men som heilt sikkert gjer godt for intellektet.
Film: Lange filmar frå 70-talet der replikkane er få, bileta er mørke og ting går til helvete.
Musikk: Motorpsycho, Stones, Led Zeppelin, Neil Young er stamfedre. Take it from there!
Favorittlåt for å gire deg opp før kamp: Ace of Spades – Motörhead eller The Wheel – Motorpsycho
Hobby: Likar tur i skog og mark. Tek gjerne eit glas i godt lag, men likar og ein roleg kveld i sofaen framfor peisen. Bill.merk «Odelsgut»
Kven vinn Tippeligaen 2009? Vålerenga (Etter tre serieomgangar ser det ut til at eg kan ha bomma ein smule her…)
Kjem Norge til Fotball-VM 2010? Nei