Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
Arkiv sesongen 2012 | Suldal idrettslag

Arkiv sesongen 2012

Etter eitt år i nordpulja, var me i 2012 igjen tilbake i sørpulja. Spelargruppa var stort sett lik den me eigentleg rykka ned med i 2011, så me visste det kom til å bli ein tøff sesong.

Statistikk og kåringar finn de nedst på sida.

Sidan me hamna sist i pulja vår i 5. divisjon i 2011, skulle me eigentleg spelt i 6. divisjon denne sesongen. Men sidan fleire lag i 5. divisjon trekte seg, takka me ja til fotballkrinsen sitt tilbod om å behalde plassen. Noko anna ville vore for defensivt, sjølv om laga frå sørfylket nok var minst like gode som dei me stort sett tapte mot i nordfylket.

Heldigvis var det ikkje berre Suldal som spelte i ein divisjon dei eigentleg ikkje høyrde heime i. Det skilde seg raskt ut ein trio i botn av tabellen som bestod av SK Jarl, Hjelmeland IL og oss. Hjelmeland viste seg å vere hakket under oss i nivå, spesielt i starten av sesongen då me slo dei grundig både i treningskamp og seriekamp. Jarl på si side gjekk på mange stortap i vårsesongen. Begge desse laga kom seg utover sesongen, noko som gjorde at det vart litt spennande utover hausten kven det var som greidde å halde seg over streken. To av oss kom til å rykke ned, så målet vart å halde seg på tredjesiste plass. Dette greidde me til slutt.

Opp til resten av laga i divisjonen blei det etterkvart langt. Det var likevel stort sett ikkje så stor forskjell i kampane. Me fekk med oss mange gode opplevingar, kanskje spesielt mot slutten av sesongen. Dessverre skåra me for lite mål til at me fekk med oss særleg med poeng. Dødballar imot var og eit mareritt i år, slik at om det ikkje alltid var så stor forskjell ute på banen, så var motstandarane litt større og tøffare enn oss i både sitt og vårt felt. Dette er temmeleg avgjerande deler av ein fotballbane å vere dyktig i, så her tapte me mange av poenga. Det skal og seiast at me glapp litt mot slutten av fleire kampar, så kondisjonen var nok og i enkelte tilfeller avgjerande.

Som før brukte me og i år mange spelarar. Det er flott å ha mange å ta av, men det blir ikkje den store kontinuiteten av det. Me brukte i år 33 spelarar i 5. divisjon, alt frå 15-årige debutantar til godt vaksne mannfolk på over 40 aksla suldalstrøya.

På Suldal 2 var det stort sett som året før, omtrent like mange sigrar som tap, og mykje godt humør. 17 spelarar var innom 7’er-laget. I år var sesongutviklinga temmeleg ned, opp og ned igjen. Sesongen vart innleia og avslutta med litt for lange tapsrekker, men midtpartiet av sesongen – altså rett før og etter sommaren – var Suldal 2 verkeleg i slaget og hadde seks (?) sigrar på rappen. Dermed enda me midt på tabellen, omtrent som i fjor.

Statistikk:

Referat og resultat Suldal 1 i 5. divisjon.

Referat og resultat Suldal 2 i 7’er-divisjon.

Harde fakta 2012

Spelartropp 2012

Nyttårsturneringa 2012

 

Kåringar:

Beste spelar Suldal 1: Jone Utbjoa

Toppskårar Suldal 1: Hallvard Erfjord

Beste unge spelar: Hallvard Erfjord

Beste spelar Suldal 2: Inge Lunde

Toppskårar Suldal 2: Sigurd Slåtto

Flest målgjevande Suldal 1: Øyvind Gjuvsland

Flest målgjevande Suldal 2: Ørjan Underbakke

Flest kampar Suldal 1: Ingve Berge

Flest kampar Suldal 2: Sindre M. Steine

Flest kampar for Suldal totalt: Ørjan Underbakke

Råtassen Suldal 1: Ingve Berge

Råtassen Suldal 2: Thomas Brustveit