
Statkraftcup 2022
Omsider var det tid for IL Sand sin tradisjonelle Statkraftcup innandørs.
For vel to år sidan var dette det siste me gjorde før samfunnet blei stengt ned. I 2021 blei det utecup, og vinteren 2022 såg det også litt spøkje ut. Det blei derfor avgjort at cupen som vanlegvis går februar/mars blei utsett til etter påske. Så litt uvant å vera inne i hallen når sola strålte ute. Når ein først kom inn, trur eg mange gløymde sola likevel. read more…
Årsmelding 2021 og Årsmøteprotokoll 20.04.2022
I går, 20.04.2022, kunne me endeleg avhalde eit årsmøte i meir kjent form enn kva som har vore tilfellet dei siste åra. Under finn du link til årsmøtedokumenta og protokoll frå årsmøtet.
Årsmøteprotokoll Suldal IL 20.04.2022
Årsmelding Suldal IL 20.04.2021_signert
Treningstider og kampdagar i Prestavikjo etter påske
Over påske blir det nokre nye treningstider, og kampane er i full gong.
Lagleiarar har fått informasjon om endringar, og desse sender ut naudsynt informasjon. Nokre gonger må nok miniknott, knott og lilleputt tilpassa seg kampane til G14 og J15 med ein halvtime +/-.
Full oversikt over kampar vil komma når me har fått kampoppsett til Suldalsserien. Banefordelinga i Prestavikjo finn de her. Banefordeling Prestavikjo 2022 april-oktober. Denne oversikta ligg også i menyen til venstre på «Faste treningstider»«Faste treningstider».
Lukke til med sesongen!
Årsmøte ondag 20.04.2022, kl 19:30 på Vinjar Skule
Velkommen til 4. skikarusell!
Torsdag 24. mars er det klart for årets siste skikarusell som denne gongen går i fristil. Hjelmeland IL er arrangør og vêrmeldinga spår ein mild og fin kveld. Sidan dette er siste karusellrennet er det klart for premiering. Dei som er aspirantantar eller går i trimklassen, får sine premiar ved innlevering av startnummer i målområdet. For dei som går på tid vil det bli premieutdeling for to-tre klassar om gongen, fortløpande utover kvelden.
Bestilling av treningsklede: 3. april
Me tek ein ny runde på bestilling av treningsklede for medlemmer i Suldal IL. Bestillinga blir sendt 3. april.
Det vil alltid vera høve til å bestilla treningsklede frå Umbro via Sand Sport. Om ein kjem på ein annan gong at ein skulle hatt eit plagg, så er det berre til å ta kontakt. Me køyrer likevel ei fellesbestilling nå.
Plagga det gjeld er Umbro sine treningsdrakt i svart med gule detaljer, diverse jakkar, t-skjorte. Det kjem til å stå SULDAL IL bak på alle plagg, samt dei tre hovudsponsorane Sparebanken Vest, Statkraft og Haugaland Kraft framme. Me trykker ikkje «Fotball» bak på noko lenger, på same måte som skikolleksjonen ikkje trykker «Ski». Dette er altså for alle medlemmer!
Ved sist runde var det nokre av trykka som ikkje hang skikkeleg på. Det reknar me med var pga nokre gamle trykk. Dette skal vera i orden nå. Dersom nokon har klede der trykket fell av, så leverer ein det inn til Sand Sport. Då trykker dei det som manglar gratis.
Suldalsgutane- og jentene sine blå treningsdrakter og t-skjorter kan spelarar og trenarar på desse laga bestilla.
Send bestilling til: fotball@suldal-il.no innan 3. april.
Klikk på denne lenkja for å få oversikt: Kolleksjon UMBRO Suldal IL 2022
Hovdentour, Birkebeinerrennet og Hamrabørennet

Alle deltakarane på Hamrabørennet.
Foto: Hans Widerøe
Gode prestasjonar, mange aktive på ski og strålande vêr i helga. Familien Bakka stilte på Hovden, ein liten gjeng på Birken og godt oppmøte på skirennet i Hamrabø.
Protokoll frå styremøte Suldal IL 26.01.2022
God søndag!
Utruleg mykje kjekk aktivitet i idrettslaget så langt i år. Styret har noko dei styrer med innimellom og, og i slutten av januar var me samla for årets fyrste formelle styremøte. Her kjem referatet med noko etterslep.
God lesnad og lukke til med Hamrabørennet i dag! Det teiknar til å bli ein fantastisk flott dag!
Protokoll frå styremøte Suldal IL 26.01.22
Treningskamp a-lag: Suldal – Sauda 4-1 (2-1)
Etter ein noko rufsete førstekamp mot Sauda der det blei 3-6-tap, var det godt å få balanse i resultata med returkampen i Prestavikjo onsdag 16. mars.
Banen var snøfri for første gong i vår, akkurat i rute til kamp. Med litt mekanisk hjelp så ordna mildvêret med gode speletilhøve. Den delen av laget som trenar i Suldal pleier å vera omlag 15 på trening. Denne gong var det eit par fråfall på skader, deriblant på keeper. Trenaren var ei stund redd for at han sjølv måtte finna keeperhanskane, men heldigvis var det to som stilte opp i kvar sin omgang med ein Snickers som godtgjersle. Ingve Berge og Torjus Steine stod begge som levande vegger. At Ingve kan stå i mål, veit me. Han har jo vore førstekeeper i sin ungdom. At Torjus også var solid, var gledeleg.

To helger stappfulle av skirenn for Suldal IL
To helger fulle med skirenn, kor Suldal IL har vore sterkt representert er over. Alt frå barneskirenn, landsrenn, langløp i inn- og utland, stafett med meir. Her kan de lesa referat og resultat: