Oppstart for gravearbeidet i akebakken på Gullingen

I går måndag 11.08 var endeleg dagen der, for oppstart av utarbeiding av akebakken på Gullingen. BG Suldal as kom da med maskina og oppstarten for planeringa/gravinga var eit faktum.

BG Suldal as skal grave ned store steinar, røter og andre ting som skal utgjere risikomomenter ved aking. Ein skal også planere ut bakken sånn at ein kan tråkke bakken når snøen legger seg.  

Før grave arbeidet nå kunne starte har det vore gjort eit godt stykke arbeid med skoging og rydding av område på dugnad av SIL sine medlemmer gjennom sommaren, stor takk til alle som har vore med her.

Suldal Idrettslag har i skoge/rydde prosessen også hatt viktige samarbeidspartnerar med seg i ryggen, som har hjulpet på sine vis.

Stor takk til:

Autogro Møgedal som har holdet oss med olje og drivstoff til motorsagene som har vore i drift

Steine Motor as ved Tormod Steine som har lånt ut flisekutter sånn at ein kan flise opp mesteparten av greinene til flis.

Mosvatnet hyttegrend som har stilt opp å skoga/rydda gjennom sommaren.

Me vil også benytte anledninga til å takke dei som gjere dette prosjektet mogleg for oss å gjennomføre finansielt. Stor takk til Suldal kommune og Sparebankstiftelsen SR-bank.

Til slutt vil me berre seia at om folk tar turen opp og ser så håper me dei kan halda seg i ski løypa enn så lenge. Jorda i den planerte bakken er fortsett VELDIG blaut så me håper folk kan la denne få setja seg.

Område før oppstart.

Bakken etter skoging og klart for maskin arbeid.

Drone video av bakken før gravearbeidet starter. Video: Tom Gardsteig

Andre graver etter gull, Arne Brustveit graver ned steinen så bakken blir trygg med stødig hand.

Planering fra toppen.

Video av bakken etter planering.

Treningstider Vinjar gymsal haust 2025

Her er treningstidene for gymsalen i haust. Om nokon ønskjer endringar eller ny treningstid, ta kontakt med Jon.

Det er fleire som ønskjer å ha bursdagsfeiring i gymsalen. Det er nok meir ledig enn det ser ut til på planen. Når det er vanleg ver, altså ikkje ekstremt med nedbør eller vind, så er all fotballtrening ute. Om vinteren er dei fleste ute så sant det er greie treningstilhøve på kunstgraset. Skigruppa er nok heller ikkje inne når det er fint å gå på ski i heio. Ta kontakt med skulen eller Jon om ein ønskjer å låna salen, så ser me om det er ledig.

Legg merke til Fitness Tae-bo. Dette er for begge kjønn og forbetrar den generelle, fysiske formen i stor grad. Tae-bo står for taekondo og boksing. Les gjerne meir på Tae Bo – Wikipedia.

Det skal alltid vera ein ansvarleg over 18 år til stades på alle aktivitetar i gymsalen. Pass på at ein sjekkar alle dører i sal, garderobe og foajè før ein låser og legg nøkkelen i nøkkelboksen.

J15-laget har spelt sin siste kamp.

På tysdag spelte J15-laget sin siste kamp. Nå blir det for første gong på ein del år ikkje lag i J15-serien.

J15/16-laget har eksistert ein del år, der ein har bytta ut spelarane etter kvart som dei har gått av for aldersgrensa. Me har fått ha dispensasjon for overårige slik at jentene har fått spela ut 10. klasse. For å få nok spelarar, har ein heile tida fylt på med yngre jenter. Nå har straumen av 15-åringar stoppa opp for eit år, så då må me legga ned laget. Heldigvis gror det godt i årgangane under årets 15-åringar, slik at me til hausten stiller både med J13- og J14-lag.

Laget har gjennom åra vore med på fleire cupar, som Sør-cup, Lindesnescup og Score-cup i tillegg til å ha spelt i 3. divisjon. I fjor var dei berre eit mål frå å vinna divisjonen!

Det er fleire som har vore trenarar for J15 i ulike generasjonar. Dei siste er Åshild Olaug Sukka Mehus, Tor Arne Sigstad og Tobjørn Indrebø. Åshild blei lokka med nesten mot hennar vilje, men har verkeleg vist engasjement i trenarrolla. Det viser at dette ikkje er noko å vera redd for å vera med på, sjølv om ein kanskje ikkje har hatt fotball på maten heile vegen.

Tor Arne og Torbjørn har vore mange år i ulike trenarroller for både Suldalsgutane- og jentene, og for lag i Suldalsserien. Desse har stått for kontinuiteten gjennom fleire sesongar. Neri Fisketjøn og Simmen Bratland har også mange år bak seg, både for J15-laget og som trenar for lag i Suldalsserien, og har vist stort engasjement for jentene. Raymond Krogh har hatt eit par sesongar som trenar, og Silje Lovra kom inn som eit friskt pust og tok tak både på og utanfor banen for å få eit godt miljø på laget. Det skumle med å lista opp mange namn, er at det er fort gjort å gløyma nokon, men eg trur eg har fått med alle som har vore trenar for jentelaga etter koronaåra. For dette J15-laget tur eg det er naturleg å setta strek for trenarane her.

Tor Arne har signalisert at han er med vidare på J14, og kanskje blir Åshild Olaug også med vidare? For J13 med både 12- og 13-åringar, blir Iren Klungtveit og Jon Bråtveit trenarar frå hausten.

Tusen takk for jobben de alle har gjort for å halda oppe fotballtilbodet med reine jentelag i kommunen! Og om nokon kjenner dei har lyst til å vera med og bidra i jentefotballen, så ikkje nøl med å ta kontakt med Jon!

J15 etter siger i april 2025. Frå venstre: Norah Gjil, Minea Grønli Olsen, Ingrid Sukka Mehus, Vilde Tjøstheim, Julie Warhaug, Silje Sigstad, Amalie Vaarvik, Hanna Hoås, Agathe Lunde, Andrea Milje Johnsen. Oda Maria Laugaland Fulgestad var ikkje til stades.

Michal, Anders og G15 er ved vegs ende

I går var aller siste kamp for trenarane Michal Kral og Anders Warhaug, saman med G15-laget dei har fulgt i fire år. Dei har gjort ein strålande jobb for laget.

Dei siste to åra har dei styrt laget åleine, mens dei i dei første åra hadde med seg Jostein Aarhus, Kenneth Tveit og Bjørn Benninghoff Hiim. Michal kom inn andre året. Det har altså vore trenarar både frå Nesflaten, Suldal, Sand og Erfjord.

Første året hadde me to lag i G13-serien, men etter kvart blei det eitt lag i G14 ein sesong og så to år i G15-serien. Laget har etter kvart blitt godt samansveisa, noko trenarane her gjort ein god jobb med.

Michal har nå vore trenar i Suldal IL i ti år, frå miniknott, til knott, lilleputt og Suldalsgutane G14 og G15. Han har opplevd både oppturar og nedturar, men kvar gong har han trødd til og gjort ein solid jobb for at denne generasjonen med fotballspelarar har hatt eit trenings- og kamptilbod i Suldal IL. Det har blitt mange timar både med planlegging, trening og kamp og køyring. Michal var tidleg ute med å ta med spelarar på cupar utanfor kommunen, og har vore ein strålande sparringspartnar for fotball-leiaren gjennom desse åra. Du kan verkeleg nyta å slappa av frå dei faste oppdraga som trenar. Kanskje kan me spørja deg om ting nå og då, for me håpar me framleis ser deg i Prestavikjo, sjølv om det nok blir mange turar austover på ski og fjellturar framover. Tusen takk for stor innsats gjennom mange år for Suldal IL, Michal, eller Mikkel som me har lært oss å seia!

Anders kom til Prestavikjo som eit friskt pust som innflytta Erfjord-kråka. Opprinneleg er han frå Stavanger. Han var ikkje vond å be når me trong trenarar til ein ny generasjon Suldalsgutar. Gjennom desse åra har han verkeleg vore til å stola på både når det gjeld trening, kamp og ikkje minst det organisatoriske. Som tildegare leiar i fotballen i Erfjord, og fleire år som leiar i idrettsrådet, viser han stort engasjement for idrett for barn og unge i kommunen. Det har blitt mange timar i bil fram og tilbake til Prestavikjo, til tider har han nesten budd her! Nå skal Anders få nyta å komma til Prestavikjo og berre sjå fotball som pappatilskodar på J14. Det er vel unt!

Saman har desse to leia laget til siger i 3. div, gode resultat i cupar som Sør-cup og Lindesnes cup, og ikkje minst siger i Score cup på Randaberg.

Tusen takk for innsatsen, og ein takk også til spelarane på G15 som har gjort ein solid jobb.

Under er faksimile frå då laget vann Scorecup. Me ser at Michal og Anders er godt nøgde saman med spelarane!

Faksimile frå heimesida då laget vann Score-cup i 2023.

Etne-cup 2025

I fjor var me på Etne-cup for første gong, og det gav meirsmak. I år sette derfor lilleputt-gjengen i veg igjen.

Me meldte på tre lag: Både 11, 12- og 13-årsjentene var med på J13-laget, mens gutane blei delt i 11-12-åringar på G12 og 13-åringane på G13. Totalt 32 spelarar og mange foreldre og andre familiemeldemmer hadde tre fine dagar i Etne. Vêret viste seg frå si beste side, og laurdag blei det rett og slett nesten for varmt for fotball.

Fredagen var noko tung for laga våre, resultatmessig. Alle tre laga tapte kampane sine. Laurdagen blei den beste dagen for G13. Dei spelta jamnt mot alle laga dei møtte, og drog i land eit par sigrar. Jentene møtte først eit godt lag og tapte den kampen ganske klart, men så fekk dei to jamne kampar mot Etne 1 og Etne 2. Begge desse kampane kunne likegjerne Suldal vunne som Etne, men det blei to knepne tap. G12 var nok dei som møtte tøffast motstand. Dei fekk ein jamn kamp mot Ølen der marginene gjekk mot seg, og så møtte dei to lag som var fleire hakk for gode.

Kvelden gjekk med til taco, disko, kino og henging rundt på området, og då leggetida kom, gjekk det kort tid før både ungar og vaksne sov.

Cupen blei avslutta med ein kamp kvar på søndagsmorgon. G13 spelte finale i B-sluttspelet. Nok ein jamn kamp, men Midtbygdens drog sigeren i land. Jentene møtte Varhaug i sin siste kamp. Der stod det 0-0 etter ekstraomgangar. Dermed fekk jentene spelt tre jamne kampar og fekk gode opplevingar, sjølv om ein ikkje fekk smaka på sigerskjensla. Størst blei nok oppturen for G12, som etter fire tøffe kampar endeleg fekk marginer på si side og fekk møta eit lag på same nivå som seg sjølv. Då blei det siger etter ein kanonstart på kampen.

Tusen takk til trenarar og foreldre som saman med spelarane gjorde helga til ei god oppleving. Og ikkje minst stor takk til Alf Aadnøy som i forkant ordna ein kampsong til oss som ljoma frå høgtalarane på kvar suldalskamp og kvar gong me skåra mål. Denne sangen går nok på repeat i mange hovud dei neste dagane. Alf tok også mange flotte bilde, spesielt frå G12-kampane, men også G13 og J13 er representert. Desse kan du bla deg gjennom på desse lenkjene. Klikk på bilda for å forstørra (gjeld ikkje lagbilda).

G13

Sparebanken Norge gir kr 100.000 til Prosjekt Prestavikjo!

Fredag samla karane i Sparebanken Norge ein heil gjeng på kaien på Sand og delte ut iver ein million kroner til lokale lag og organisasjonar. «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!» fekk 100.000,- av desse. Tusen takk!

Mange har nok fått med seg at Sparebanken Norge er ein fusjon mellom Sparebanken Vest og Sparebanken Sør. Sparebanken Vest har i fleire år vore ein god støttespelar for Suldal IL, både som fast sponsor og som stor bidragsytar til Prosjekt Prestavikjo. Nå held dei fram støtta i ny drakt og nytt namn. Til saman har Sparebanken Vest/Sparebanken Norge nå gitt kr 1.000.000 til prosjektet!

Hans Olav og Stig Morten kunne fortelja at dei framleis kjem til å vera på plass lokalt og heia fram aktivitet i Suldal, samtidig som at banken har planar om å ekspandera og breia seg over større deler av landet enn tidlegare.

Tusen takk for støtta, den kjem godt med!

Kampsong for Suldal IL: Heia, heia Suldal!

I høve Etne-cup har Alf Aadnøy teke i bruk kunstig intelligens og snekra saman ein kampsong som me håpar vil ljoma mellom Etnefjella.

Generalprøven håpar me blir på kampane i Prestavikjo i morgon, torsdag. Det er berre til å øva og spela i bilen utover på fredag for dei som skal til Etne.

Alf fortel at det på cupen i fjor blei snakka om at ein skulle hatt ein song, for det var fleire andre klubbar som hadde det. Vel heime frå 4H-tur til Kongeparken på søndag, gjekk han i gong og prompta saman tekst, melodi og til og med ein musikkvideo. Resultatet blei ein fengande låt som raskt kjem på hjernen og som me reknar med vil bli spelt kor enn Suldal og Suldalsgutane- og jentene er på kamp.

Nå blei tidspresset stort, slik at kjenner eg Alf rett, så ønskjer han å finpussa meir etter kvart. Til musikkvideoen kan me nok få filma video med våre eigne lag i staden for KI-genererte personar. Poenget er likevel krystallklart: Her er ein skikkeleg kampsong for Suldal IL!!

Tusen takk, Alf!

Logg inn for å legge inn innlegg her:

Besøk sidan februar 2009

Ulike kategoriar

Utstyrsleverandør

Hovudsponsorar

Suldal IL på Facebook

Reiserekning

Her kan du laste ned reiserekning. Klikk på teksten under. Oppdatert 2025.